Sjå bilete frå heimgarden til Kristen Skjeldal
Han byrja med treski då han var 3 år gamal. Med ein far som tråkka opp løypene, ei mor som tok tida, og fem søsken å konkurrera mot, var det heime på garden på Hamlagrø at lidenskapen for langrenn blei lagt.
- Eg blei eit konkurransemenneske av oppveksten min. Med fem søsken og denne naturen å boltra seg i, var nok det vanskeleg å unngå, smiler Kristen Skjeldal.
Aktiv i 20 år
Han har vore aktiv skiløpar i 20 år, og har mange gode idrettsminne. Det største er frå Lahti.
- Då eg vann verdscupen i -91 på tremila. Å vinna over stordomar som Gunde Svan var heilt utruleg, fortel han.
Mista OL-plassen
Planen var at Skjeldal skulle setja OL-punktum i år, men slik gjekk det ikkje.
- Eg må berre innsjå at sporten har endra seg dei siste åra. Eg liker best dei lange distansane, men det er på dei korte ein må lukkast no. Der er dei unge sterkare. Sjølvsagt er det skuffande, men eg innser at eg ikkje ville hatt ein sjanse, seier han.
No brukar han heller OL til å trena i løypene heime på garden til foreldra, som naboen Hermann Skjeldal preparerer.
Onkel og trenar
Med seg får han ofte selskap av nevøen Kristian og niesa Guro.
- Dei får same oppvekst som eg hadde. Mykje leik, mykje skigåing og moro. Dei blir nok habile langrennsløparar etterkvart, meiner han.
Onkel Kristen er tilskodar når niesa Guro hoppar i bakkane på garden. (Foto: Thomas Ystrøm/NRK)
- Flyttar aldri
Saman med kona Solrunn og sonen Åsmund bur han no på Voss, og han har ingen planar om å flytta.
- Det er her eg vil leva. No skal eg vera pappa på heiltid ein periode. I tillegg har eg kontakt med skigymnaset, og er med på arrangera guida fjellturar saman med Vossafjell, fortel han.
Heime på garden Skjeldal. (Foto: Thomas Ystrøm/NRK)