Hopp til innhold

Krisestab i Årdal på grunn av flaumrisikoen i denne elva

Fleire vestlandskommunar bur seg på flaumfaren. Snømengdene i fjellet gjer at NVE tilrår strakstiltak.

Flaumløp i Utla i Øvre Årdal.

UTSETT FOR FLAUM: I Utla kan nye elveløp skapast av mykje nedbør og snøsmelting. Helga byr på lite av det første og meir av det andre. Heldigvis, meiner NVE.

Foto: NVE.no

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Vi har fått varsel om at sannsynet for flaum i Årdal er rimeleg stort. Vi snakkar vel om 55 prosent risiko for at det skjer, seier rådmann Stig Stark-Johansen.

Det varme vêret, vind og regn skapar ein farleg miks saman med dei store snømengdene som ligg i fjella i heile Noreg.

I Årdal veit dei allereie at elveløpet i Utla kan bygge seg opp til ein flaum. Difor har dei sett krisestab. Stark-Johansen oppmodar til å ta enkle grep no – før det er for seint.

– Det handlar om å sikre det som står ved elvebreidda og i kjellarar, og tenke at «eg kanskje må forate bustaden min». Det er store krefter i sving og dei kan bli større.

Også Voss og Ullensvang førebur seg. I Ullensvang er det sett krisestab i samband med koronapandemien, men flaumen har også vore tema på dei to siste møta.

Det er situasjonen i Voss herad også. Tor Halvorsen i kommunen seier til NRK at dei held seg oppdaterte på flaumsituasjonen fortløpande. Kommunen ber også innbyggjarar om følgje utviklinga framover og om å «sikre verdiar som kan vera utsette for flaum».

Optimisme

Noregs vassdrag og energidirektorat (NVE) har vore med på synfaring i Årdal, og dette dannar grunnlaget for krisestaben der.

Brigt Samdal - NVE

FORSIKTIG OPTIMIST: Brigt Samdal, regionsjef i Vest i Noregs vassdrag- og energidirektorat, kan legge fram betre nyheiter enn frykta torsdag.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

Torsdag kjem den nye flaumanalysen til NVE. Brigt Samdal seier at risikoen ikkje er over, men at det er meir optimistiske tal enn tidlegare.

– Dei siste tala som eg har, peikar heldigvis rett veg, fortel regionsjefen i Vest.

Snøsmeltinga har starta i «rett» tid, slik NVE ser det. Varmen som kjem i pinsehelga er bra fordi det ikkje kjem i kombinasjon med nedbør og vind.

– Då skal det etter alle solemerke gå bra, seier Samdal.

Mange hus

I Årdal fryktar dei kreftene som snøen og smeltinga kan føre til.

– Like over sentrum i Årdal er det veldig mykje massar i elva, som kan lage nye elveløp, seier rådmann Stig Stark-Johansen.

Han håpar i det lengste at folk slepp unna problem og ikkje behøver evakuere bustadane sine. I verste fall er det snakk om mange menneske som må vere klare til å forlate heimane sine.

Mellom 30 og 60 hus, og kanskje to eller tre i kvar bustad. Så det kan bli ein del, men då snakkar me om ein stor flaum, så forhåpentlegvis blir det ikkje så mange.