Hopp til innhold

Kommunar skuldar krisesenter éin million

Krisesenteret i Sogn og Fjordane treng sårt pengar. Fire kommunar har endå ikkje betalt, og skuldar til saman éin million kroner.

Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret.

OPPGITT: Dagleg leiar ved Sogn og Fjordane krisesenter, Wenche Hovland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette er svært frustrerande, seier dagleg leiar ved krisesenteret, Wenche Hovland.

Til no i år har krisesenteret hatt ei dobling i talet på brukarar. Då passar det ekstra dårleg at einskilde kommunar anten droppar å betale sin skjerv, eller betalar inn beløpet sitt for seint.

Manglar pengar frå fire kommunar

Ved inngangen til 2011 fekk Krisesenteret i Sogn og Fjordane redusert budsjettet sitt med 300.000 kroner, noko som førte til store utfordringar.

No syner det seg at også fleire kommunar betaler kvartalsrekningane sine for seint. Fire kommunar har til no i år ikkje betalt eitt øre.

– Orkar ikkje purre

– Det er klart at det vil ta mykje tid dersom eg skal sitje her og purre på pengar som vi ikkje får. Eg tykkjer det er litt trist, for desse summane betyr mykje for oss, seier Hovland.

Ho legg til at når totalbudsjettet er på 7,2 millionar kroner, utgjer éin million mykje.

Dobbelt så mange brukarar

Til no i år har senteret hatt 39 kvinner, to menn og 18 born som bebuarar. Hovland trur ikkje den auka pågangen skuldast meir vald i heimar i Sogn og Fjordane, men trur den auka publisiteten grunna nye lokale, har vore med på å senke terskelen for dei som treng hjelp.

– Vi merkar ofte eit oppsving når vi har vore ute i media og fortalt litt om kva senteret står for, seier Hovland.

Skuldast ein feil

Helse- og sosialsjef i Stryn, Berit Wetlesen, seier den manglande betalinga skuldast ein feil.

– Når vi sjekkar dette no, så syner det seg at det ligg eit gammalt bankkontonummer i kommunens betalingssystem. Pengane som har vorte sende, har komme i retur, seier Wetlesen.

Tasta inn feil forfallsdato

I Høyanger har Marit Nordstand med denne forklaringa.

– Det har skjedd ein beklageleg feil i systemet vårt der det var tasta inn feil forfallsdato. Men no er det retta opp, og pengane går ut i dag, seier Nordstand.

Pengane er på veg

Sogndal og Naustdal seier dei også vil betale snarast og det er Hovland svært glad for.

– Vi treng dei pengane, vi skal jo betale rekningane våre, samt at vi har brukarar her heile tida, seier Hovland.

Skal vere lågterskeltilbod

Krisesenteret i Sogn og Fjordane ligg i Florø og vart etablert i 1985. Krisesenteret i Sogn og Fjordane er ei privat stifting som vert finansiert av staten og kommunane i Sogn og Fjordane.

Føremålet med senteret er å hjelpe kvinner som har vore utsette for fysisk og eller psykisk mishandling, samt drive haldningsskapande arbeid.

Tilbodet skal vere eit lågterskeltilbod som er ope heile døgnet, og dei som tek kontakt skal vere sikra anonymitet.