Hopp til innhold

Krisemøte om asylmottak

Regjeringa vil ha krisemøte om asylmottak etter kritikk frå Jølster.

Vassenden
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

UDI meiner behovet for asylplassar på Vestlandet er så stort at det ikkje er sikkert dei tek omsyn til Jølster kommune sitt nei til mottak på Vassenden.

UDI ynskjer å etablere eit mottak på Jølster Hotell med vel 130 asylsøkjarar, men lokalpolitikarane nektar.

Gruppeleiar Atle Reidar Sandnes i Jølster Arbeidarparti er ein av dei som er opptrekte.

– Uakseptabelt

– Eg synest det er heilt uakseptabelt at dei pressar gjennom eit asylmottak i ein kommune trass i at helsetenestene ikkje er på plass, der det ikkje er barnehagekapasitet og skulekapasitet.

Det er ein djupt frustrert Arbeiderpartimann som fryktar at regjeringa kan overkøyre eit kommunalt vedtak. For sjølv om Jølster kommune nyleg har sagt nei til 130 mottaksplassar ved Jølster hotell på Vassenden kan UDI likevel starte eit mottak om dei vil.

– Krev at min statsråd rydda ropp

Sandnes meiner kommunen ikkje har kapasitet til å ta imot, og han klagar på dårleg informasjon frå UDI, derfor vil han ha møte med Arbeids og inkluderingsministeren.

– Der krev eg at min eigen statsråd tek tak i saka og ryddar opp.

Vil treffe kommunar

Og statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Libe Rieber-Mohn, seier dei vil treffe kommunar som protesterer mot å bli overkøyrde. Møtet kjem til mellom anna på grunn av kravet frå Sandnes som denne veka også har kontakta Rieber-Mohn og framført kritikken

Møtet skal organiserast via Kommunenes Sentralforbund - KS - med representantar frå fleire kommunar. Om Jølster vert ein av dei er opp til leiinga i KS å bestemme, men møte skal det bli, seier statssekretæren.

– Vil høyre kvar skoen trykkjer

– Eg har hatt ein samtale med gruppeleiraren i Jølster Arbeidarparti. Eg har og hatt samtalar med ei rekkje ordførarar det siste halvåret. På bakgrunn av det har vi teke initiativ til eit møte med KS og ein del sentrale ordførarar for å høyre kvar skoen trykkjer, og om det er mogeleg å betre situasjonen.

Men Rieber-Mohn vil ikkje seie noko om korvidt det er urimeleg med asylmottak i Jølster.