Hopp til innhold

Kripos: Hets på Facebook har blitt eit demokratisk problem

Hets, sjikane og uthenging gjer at eit fleirtal av nordmenn ikkje vil delta i diskusjonar på Facebook.

Netthets fra Facebook

SKARP ORDLYD: Facebook har blitt ein arena for debattar som tidvis er hetsande og sjikanerande.

– Dersom debattklimaet på nett er slik at veldig mange ikkje orkar eller tør å delta, er det også eit demokratisk problem, seier Kripos sin kommunikasjonssjef Ida Dahl Nilsen.

Ho trur ikkje at nokon ynskjer seg eit debattklima der ein heile tida beveger seg opp mot det straffbare.

I nettpatruljen til Kripos får dei mange tilbakemeldingar på at debattklimaet på nett vert opplevd som ekskluderande – fordi ting eskalerer så raskt.

Nilsen oppmodar folk til å ta til motmæle om ein ser at nokon går for langt.

Unngår Facebook-debattar

Dei siste tala frå Likestillings- og diskrimineringsombodet viser at Facebook er ein debattarena mange nordmenn unngår.

Heile 60 prosent har sjølv opplevd nedsetjande og krenkande kommentarar på Facebook når dei har delteke i debatt.

Clara Øberg

HETSA: Clara Øberg er mangeårig Ap-politikar og tidlegare styreleiar i Helse Førde. Ho har fått mykje hets på nett.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Clara Øberg som er mangeårig Ap-politikar, er redd konsekvensane kan bli store.

– Om nokon kvir seg for å ytra noko, fordi dei kan bli utsett for sjikane for meininga si, er det ein stor trussel mot ytringsfridomen, seier Øberg, som sjølv har opplevd hets .

Hetsa ut av politikken

I Marnardal har det vore store diskusjonar om kommunesamanslåing. Det har resultert i mykje netthets mot sentrale lokalpolitikarar, og ordførar Helge Sandaker stiller difor ikkje til attval.

– Det mest tragiske er at me er fleire som ikkje ynskjer å stille på nytt. Ja, me skal tole kritikk og usemje, men dette er rein mobbing, og veldig demotiverande over lengre tid, fortel ordføraren.

Helge Sandåker

Ordførar i Marnardal, Helge Sandåker, har sjølv oppmoda netthetsarane til å kome på folkemøte eller stille som politikarar sjølve. – Men ingen stiller opp, fortel han.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

Barna melde seg ut av sosiale medium

Han meiner det er feigt å sitje bak skjermen og skrive ting ein aldri ville sagt ansikt til ansikt.

– Eg har jo fleire gonger invitert dei til å stille på folkemøte eller melde seg i politikken sjølv, men dei stiller ikkje opp, fortel Sandaker.

Sjølv melde han seg ut av Facebook då det stod på som verst, noko også ungane hans gjorde.

– Dei orka ikkje lese alt gulpet folk kom med mot far deira.

Kathrine Eriksen i #vierher

Kathrine Eriksen starta aksjonsgruppa #ViErHer, inspirert av #jagärher i Sverige, som på dugnad arbeider mot netthets.

Foto: Privat

Verre dei siste åra

I gruppa #ViErHer går dei inn i offentlege kommentarfelt og prøver å balansere ut den harde tonen. Kathrine Eriksen, administrator og oppstartar av aksjonsgruppa, trur det er lett å kjenne seg anonym bak tastaturet, og at folk trur dei ikkje kan stillast til ansvar for det dei skriv.

– Slik me ser det har det blitt jamt verre tone i kommentarfeltet dei siste 10 åra.

LES MEIR: