Hopp til innhold

Kripos granskar huset etter dødsbrannen i Ytrebygda: – Leiter etter arnestaden

YTREBYGDA (NRK): 9-åring døydde etter husbrann i Bergen laurdag. Situasjonen er enno uavklara for to barn og ein vaksen. Måndag formiddag er krimteknikarar frå Kripos på plass.

Kirpos på vei inn i huset etter husbrann på Søreide januar 2019

PÅ VEG INN: Kripos og krimteknikarar frå Vest politidistrikt gjer seg klare til å gå inn i det røykskadde huset på Søreide i Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

To vaksne og fire barn blei sende til Haukeland universitetssjukehus etter ein husbrann på Søreide laurdag morgon.

Fire var medvitslause då dei blei henta ut av brann- og redningsmannskap, og sundag mista ei 9 år gamal jente livet.

Dei fire vart henta ut av tredje etasje. Brannen skal ifølgje brannvesenet ha starta i eit rom i andre etasje.

Tente lys for klassekameraten

Måndag morgon opplyser politiet at tilstanden for dei tre andre som blei innlagde framleis er alvorleg og uavklara.

Det var ein familie på sju, to vaksne og fem barn opphavleg frå Syria, som budde i rekkehuset. Barna er i alderen sju til 18 år.

Fire av barna og de to vaksne var til stades i huset når brannen starta. Det femte barnet var ikkje i huset, men blei laurdag foreint på nytt med familien.

Ved Aurdalslia skole, der 9-åringen var elev, blei det måndag flagga på halv stong og halde minnemarkering i gymsalen. Barna i klassen til jenta fekk tenna lys, og ein prest snakka om sorg og sorgreaksjonar.

– Det var i det heile ei fantastisk fin og verdig minnestund for jenta, seier konstituert rektor Terje Tviberg.

Lys og blomster utenfor huset som brant i Ytrebygda.

BLOMAR: Sundag kveld var det tente lys og blomar utanfor huset til familien i Ytrebygda.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Bad Kripos om hjelp

Måndag starta politiet sine undersøkingar i huset. I helga har redningspersonell og innsatsstyrkar blitt avhøyrde.

Politiet opplyste sundag at dei ikkje mistenker noko kriminelt i forbindelse med brannen.

Like før klokka 10 måndag morgon, kom kriminalteknikarar frå Vest politidistrikt til staden.

– Me går grundig til verks og vil finna ut både brannårsak og ikkje minst brannforløp her, sa sjef for politiet i Bergen sør, Torgils Lutro, til NRK måndag morgon.

Halvannan time seinare var to representantar frå Kripos på staden. Politiet i Bergen bad tidleg om assistanse frå Kripos på grunn av alvorsgraden i saka.

Politiførstebetjent Silje Harjo og spesialetterforsker Johnny Olsen fra Kripos på veg inn på brannåstedet i Ytrebygda i Bergen

Politiførstebetjent Silje Harjo og spesialetterforskar Johnny Olsen frå Kripos på veg inn i huset på Straumsgrend i Ytrebygda.

Foto: Oddgeir Øytstese / NRK

– Leiter etter arnestaden

Etterforskarane frå Kripos kom direkte frå brifing med politiet i Bergen.

– Me leiter etter arnestaden etter brannen og kva som kan ha forårsaka han, seier spesialetterforskar Johnny Olsen frå Kripos til NRK.

Han poengterer at det er uvisst når konklusjonane frå undersøkingane er klare.

Bbrann i Ytrebygda i Bergen

RØYKDYKKARAR: Brannvesenet i innsats laurdag morgon. Fire av familiemedlemen var medvitslause då dei blei henta ut av det brennande huset.

Foto: VALENTINA BAISOTTI / NRK

Kurdisk miljø i sorg

Familien var del av eit større kurdisk miljø i Bergen. I løpet av helga har eit titals representantar frå miljøet oppheldt seg på Haukeland sjukehus i solidaritet med familien.

– Det sit framleis 20–30 personar i kantina, opplyser kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen.

Haukeland har ikkje eit tilbod til dei, men Vigander seier det er fint at dei sit der for å visa si støtte. Bergen moské planlegg måndag ei markering for personar som treng eit møtepunkt.