Hopp til innhold

Krinsrekordane blir eldre og eldre

Heile 23 av 33 krinsrekordar i friidrett for menn stammar frå tida før 1991. Bjarne Huseklepp har åleine fire krinsrekordar i friidrett - alle sett i 1978.

Bjarne Huseklepp med medaljesamlinga frå 70-talet

MEDALJESAMLING: Bjarne Huseklepp har ei stor samling medaljar frå 1970-talet. Framleis ragar rekordane hans høgast på statistikkane i Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Guddal / NRK

- Eg har i alt rundt 180 gullmedaljar, seier Bjarne Huseklepp.

Den gamle friidrettskjempa står framfor ein vegg smekkfull av medaljar i heimen sin i Guddal i Fjaler.

Sterke rekordar for 33 år sidan

Mimreveggen heime hos Bjarne Huseklepp

MINNE: Bjarne Huseklepp har mange gode minne frå tida som aktiv i friidrett.

Foto: Silje Guddal / NRK

Tilbake i 1978 var Huseklepp i praktform og sette fire råsterke krinsrekordar - 33 år seinare er det framleis ingen som har klart å matche tidene hans:

  • 5000 meter - 14.23,3
  • 10 000 meter - 29.46,5
  • 20 000 meter - 1.02.18,4
  • 1 times løp - 19 278 meter

- Det er berre å byrje å trene, er oppmodinga frå Bjarne Huseklepp.

Aldrande rekordar også for kvinner

Rekordane har etterkvart blitt gamle, og dei er symptomatiske for mange av krinsrekordane i Sogn og Fjordane:

På herresida er 23 av 33 rekordar eldre enn 20 år gamle. Dessutan har det berre vore sett to nye krinsrekordar etter 2000 - då Eivind Stavang sprang 100-meteren på 10,93 for to år sidan, og då Kim Leirvik gjekk over 4,60 i stavsprang i 2010.

På kvinnesida er statistikken noko lysare, men også her er 20 av 32 rekordar sett før 1991.

- Eg kjenner jo godt namn som Benedikte Indrebø, Merete Kvist og Gunn Marit Haugsbø, nikkar Bjarne Huseklepp.

- Norsk friidrett er på veg opp

- Seniorrekordane er rekordar som hadde stått seg veldig godt nasjonalt også i dag. Det er veldig sterke rekordar, seier Narve Heggheim.

Han er dagleg leiar for Sogn og Fjordane Friidrett, og er ikkje uroa over at rekordane er i ferd med å bli gamle.

- Norsk friidrett har aldri hatt så mange utøvarar kvalifiserte til internasjonale meisterskap som dei siste to åra. Så akkurat no er norsk friidrett på veg opp, seier han.

- Dessutan har utøvarar i dei aldersbestemte klassane hatt tidenes år i 2010, påpeikar Heggheim.

Ungdom nedprioriterer uthaldsidrettar

Heggheim ser likevel at den lokale friidretten har nokre utfordringar av meir moderne karakter.

- Det er nok lettare å få ungdom engasjerte i lagidrettar. Det er ikkje kondisjon og uthaldsidrettar ungdom likar best, seier han.

LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

Jostein Flo

HAR HØGDEREKORD: Jostein Flo sin rekord i høgde for juniorar er 28 år gammal.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Flo har framleis rekorden frå 1983

For 28 år sidan svingde Jostein Flo seg over 2,06 i høgde. Prestasjonen står framleis som krinsrekord for juniorar.

Den tidlegare landslagsspelaren i fotball trur friidretten har tapt posisjon på skulen.

- Eg ser sjeldan skuleklassar på ei friidrettsbane eller friidrettsdagar slik vi hadde, seier Flo.

Han trur høgderekorden hans frå 1983 kjem til å bli ståande i lang tid.

- Friidrett har ikkje vore ei prioritert i satsing for ungdommen som veks opp no, forklarer Flo.

Ser gjerne at nokon slår han

Tilbake i Guddal kosar Bjarne Huseklepp seg med gamle minne frå friidrettsbana.

Han meiner dagens ungdom burde ha klart å slå han.

- Eg overbevist om at dei talentmessig burde ha betre føresetnader til å få gode resultat enn vi nokon gong har hatt, seier Huseklepp.

LES OGSÅ:

- Eg skal vere den første til å gratulere den som klarer å slå rekordane mine, seier han.

Høyr Huseklepp fortelje om friidretten i gamle dagar:

Ei veke før Huseklepp sette ny norsk rekord på 10 000 meter, opplevde han dette i eit løp i Bergen:

Huseklepp sitt beste døme på kor viktig det er å også trene mentalt. Han hadde vunne løpet "Dalsåsen over" i Hyllestad to gongar. Ein gong unna å vinne vandrepokalen. Så fekk han vite om at hans argaste konkurrent skulle stille....