Hopp til innhold

Kring 100 utan straum

Sogn og Fjordane Energi opplyser at kring 100 kundar er utan straum. Berre på Atløy er over 60 kundar mellom Gjervik og Høyvik utan straum etter den kraftige vinden. Straumbrota skuldast både rotvelt og saltdriv. Konserndirektør for Nett, Asgeir Aase, trur alle vil få tilbake straumen i dag.