Det var under Statsadvokaten sin inspeksjon av politidistriktet i november i fjor at svikten vart oppdaga.
Ved hjelp av opplysningar frå Kripos viste det seg at distriktet har slurva med å ta DNA-prøvar av fleire domfelte som det skulle vore teke prøvar frå.
NØGD: Statsadvokat Magne Nyborg finn i det store og heile ikkje mykje å setje fingeren på hos Sogn og Fjordane politidistrikt.
Foto: Arild Pettersen / NRK– Dette er utlendingar som har fått straff, men som har reist frå landet før ein klarte å registrere DNA, seier statsadvokat Magne Nyborg.
Har gjort endringar
Svikten med DNA-prøvar betyr at ein kanskje kan ha gått glipp av å ta desse også for andre brotsverk.
– Det er fullt mogleg all den tid ein ikkje har fått DNA og kan kontrollere desse opp mot andre DNA-funn i registeret, seier Nyborg.
Politimeister Ronny Iden tek sjølvkritikk og seier at registreringa no blir gjort som den skal.
– Det er ein føresetnad at DNA-registeret skal vere så godt som mogleg. Dette er ein kvalitetssikringselement, så det skal vi gjere, seier Iden.
– Leverer høg kvalitet
Om ein ser vekk frå svikten med DNA-registreringane, er Nyborg godt nøgd med politiarbeidet som blir gjort i Sogn og Fjordane.
Distriktet meiner sjølv dei har for lang sakshandsamingstid, men er heilt i landstoppen når det gjeld å oppklare saker. Brukarundersøkingar viser også stor tillit til politiet.
– Dei leverer høg kvalitet på straffesaksarbeidet som blir gjort i distriktet, seier Nyborg.