Dømd for overfall
Ein mann i 50-åra er dømd til fengsel i eitt år og sju månader etter at han gjekk til åtak på ei kvinne i Ytre Nordfjord juli i fjor. Mannen er tidlegare dømd for eit av dei mest brutale drapa i Noreg, men var sett fri på prøve.
Tips oss på sf@nrk.no, på våre Facebook-sider, emneknagg #nrksf eller på telefon 57 72 42 42
Ein mann i 50-åra er dømd til fengsel i eitt år og sju månader etter at han gjekk til åtak på ei kvinne i Ytre Nordfjord juli i fjor. Mannen er tidlegare dømd for eit av dei mest brutale drapa i Noreg, men var sett fri på prøve.
NRK får no stadfesta at ein tredje person er fengsla etter at politiet gjekk til aksjon mot narkomiljøet i Førde like før jul. Frå før er ei ung kvinne og ein ung mann fengsla etter funn av fleire hundre gram amfetamin og mange piller.
Leitinga etter Christoffer Lysne Elgåen (29) i Aurland er no utvida til å gjelde heile Sognefjorden. Røde Kors oppmodar alle som er ute i båt om å halde utkikk etter den sakna mannen. Hjelpekorps på begge sider av fjorden blir no mobilisert.
Sunnfjordkvinna som var hovudvitne i saka mot ein 51 år gamal mann frå Innlandet, er skuffa over at mannen har anka dommen på 12 år for ei rekke valdtekter og overgrep. Det seier bistandsadvokat Lene Knapstad. Gulating skal no vurdere anken.
Mange frå brannvesen og Røde Kors i heile Sogn og Fjordane vil no reise til Aurland for å leite etter den sakna Christoffer Lysne Elgåen (29). – Det viser at vi held ut, seier politisjef i Aurland, Knut Arne Klingenberg til NRK.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.