Hopp til innhold

Krig og pandemi får konsekvensar: Slit med å få nok råvarer

Dei produserer for harde livet, men slit med å få tak i råstoff. Prisvekst, pandemi og krig gjer utsikta uklar for mange bedrifter.

Arbeidere ved Norgesvinduet Bjørlo

UTFORDRANDE: Her monterer Gintare Jablonske og Lina Karkiskaite vindauge på fabrikken i Nordfjord, men enkelte råvarer har blitt vanskeleg å få til landet.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ved fabrikken til Norgesvinduet Bjørlo i Nordfjord på Vestlandet er 135 tilsette i sving igjen etter sommarferien.

Men enkelte metalldelar som er nødvendige til produksjonen, er utfordrande å få inn til landet.

– Vi, som alle andre, slit med å få fatt i råvarer tidsnok, fortel dagleg leiar Hans-Roger Starheim.

I NHO si medlemsundersøking har organisasjonen spurt medlemsbedriftene om korleis prisauke og leverandørproblem har påverka drifta.

Då svarte nær halvparten av bedriftene at råvarene er langt dyrare enn normalt og nær halvparten oppgjev at dei vil auke salsprisane meir enn den generelle prisveksten.

I tillegg svarar kvar femte bedrift at dei måtte skifte leverandørar som følge av krigen i Ukraina.

Les også Prishopp internasjonalt: – Ute av kontroll

Styreleder i Ferd, Johan Andresen

Prisauken vil merkast i alle ledd. Frå fabrikk til sluttbrukar, fortel Starheim.

– Vi klarer ikkje å ta prisauken åleine, vi tek ein del, kundane våre tek ein del, men sluttbrukarane må ta ein del av kostnadane for våre utfordringar, seier Stadheim.

Auke i kostnadar for bustadbygging

– Vi har hatt veldig høge råvarekostnadar på trevarer, stål og anna, i tillegg har vi ein internasjonal krevjande situasjon, seier Lars Jacob Hiim, administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening.

Foreininga melder om at sal av bustader har gått ned med 38 % i juni i 2022 frå juni 2021.

– Det er det lågaste salet vi har sett på nye bustadar sidan finanskrisa, seier Hiim.

I tillegg har den auka renta hatt ei dobbel effekt ved at den råkar både bustadkjøpar og utbyggar, legg han til.

Snekker som lager takkonstruksjon

NEDGANG: Salet av nye bustadar har bremsa opp.

– Vindusprodusenten er symptomatisk for problemet

Mange bedrifter slit med det same som produsenten i Nordfjord, fortel Knut Sunde, bransjedirektør i Norsk Industri.

Konkursar, fraktproblem, krigen i Ukraina og etterdønningar av pandemien er ting han trekk fram som er til hinder.

Arbeider Norgesvinduet Bjørlo

SMÅ DELAR: Kan skape store problem dersom ein er avhengig av dei.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Ein treng heller ikkje vere storforbrukar av ei råvare for at det skal skape problem, som fabrikken i Nordfjord:

– Han bruker ikkje mykje stål, men nok til at om han ikkje får tak i det so stoppar alt opp, seier Sunde.

Ikkje alle har like stor motbør, enkelte produsentar kan tene på prisauken.

– Dei som har skote gullfuglen er dei med sluttprodukt i dragsuget av auka prisar, seier Sunde.

Som produsentar av gjødsel eller silisium. Aluminiumsprodusenten Hydro har levert rekordresultat fem kvartal på rad.

Må ta utfordringane som dei kjem

Å legge langsiktige planar er ikkje lenger mogleg, ifølge Bjørn Lødemel, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd.

– Planlegginga ein kunne gjere tidlegare der ein såg langt fram, er berre å legge vekk, seier Lødemel

Bedriftene må tenke heilt annleis, ta utfordringar raskare og følge opp mykje tettare enn tidlegare, fortel han.