– Eg ser føre meg at det ikkje skal vere lovleg med abort i Noreg, med mindre det er enkelte tilfelle med valdtekt, incest eller fare for mors liv.
Det seier avtroppande politisk nestleiar i Kristeleg Folkepartis Ungdom, Joel Ystebø.
Han håpar den harde abortstriden i USA vil auka motstanden mot å utvida retten til sjølvbestemt abort i Noreg.
Ystebø vil ha eit generelt abortforbod.
– Om grensa er i veke seks eller veke null, har litt med den politiske dynamikken å gjera, men prinsipielt meiner eg livet startar ved befruktning.
Ystebø får ikkje støtte frå leiaren i KrfU, Hadle Rasmus Bjuland.
– Dette er ikkje KrfU sin politikk. Debatten no handlar om abortlova skal utvidast eller ikkje. Det er der KrfU skal bruka kreftene no, seier Bjuland til NRK.
Nei til å fjerna nemndene
I dag kan kvar enkelt norske kvinne sjølv bestemma om ho vil ta abort fram til veke 12 i svangerskapet. Etter det – fram til veke 18 – må abort bli godkjent av ei nemnd.
Etter veke 18 kan ikkje svangerskap avbrytast viss ikkje det er spesielle grunnar for det.
– Tida er moden for å fjerna nemndene, meiner Venstres stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik.
Men i juni er det venta at Stortinget seier nei til å fjerna ordninga med abortnemnder, sjølv om eit fleirtal av partia har programfesta det.
Det ville i praksis gitt norske kvinner seks fleire veker med høve til sjølvbestemt abort.
Også Arbeidarpartiet ønsker å fjerna abortnemndene og heller gi kvinner utvida rett til sjølve å ta avgjerda om abort. Likevel kjem regjeringa denne våren til å stemma ned eit likelydande forslag frå Venstre.
– Det er veldig synd. Situasjonen me ser i USA og andre stader i Europa viser at dette er rettar me må kjempa for å behalda og styrka, meiner Thorsvik.
BEKYMRA: Ingvild Wetrhus Thorsvik i Venstre er uroa over abortstriden i USA og skuffa over at Stortinget ikkje utvidar retten til sjølvbestemt abort.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRKArbeidarpartiets Ingvild Kjerkol har lenge kjempa for å legga ned abortnemndene. I fjor fekk ho partiet med på dette.
Men no er ho helse- og omsorgsminister. Ho skriv til NRK at ho står fast på regjeringas politikk om å først utnemna eit utval før sommaren. Utvalet skal gjennomgå heile abortlova og vurdera alternativ til nemndene.
– Dermed må kvinner fortsetta å gå til nemnder i endå lengre tid. Det er både paradoksalt og veldig uheldig, meiner Thorsvik.
Inspirert av USA
Joel Ystebø følger nøye med på abortstriden i USA. Den har blussa kraftig opp denne månaden. Grunnen er avsløringa av at USAs høgsterett ligg an til å fjerna retten til sjølvbestemt abort som kvinner har hatt sidan 1973.
– Eit ufødd barn i veke null, seks, 18 eller 40 har i prinsippet den same verdien. Derfor ønsker eg at avgjerda frå 1973 blir oppheva, seier Ystebø.
Han peikar på at retten til sjølvbestemt abort er langt meir omfattande i USA enn i Noreg.
– Det er generell tilgang i heile landet til abort fram til levedyktigheit, altså rundt veke 23. Det er meir liberalt enn i Noreg, og enkelte statar har gått endå lenger.
AUKANDE ABORTMOTSTAND: Kvinner i USA har generelt større rett til abort enn norske kvinner, men ei rekke delstatar innskrenkar rettane.
Foto: SAUL LOEB / AFPHan seier seg inspirert av abortmotstanden i USA, og meiner den liberale praksisen forklarer kvifor abortmotstanden veks i USA.
– Ting har gått veldig langt. Du får ein motreaksjon.
Den avtroppande nestleiaren i KrFU er også KrF-politikar i Bergen bystyre, men sluttar til hausten med partipolitikk.
Dersom USA fjernar retten til sjølvbestemt abort, meiner han noko tilsvarande bør skje i Noreg.
– Eg ønsker og håpar det. Det hadde vore rett retning for norsk abortpolitikk.
– Skummelt
Venstres Wetrhus Thorsvik ser med heilt andre auge på den harde abortstriden i USA.
– Det er frykteleg skummelt og skuffande at ein snart 50 år gammal rett står i fare for å forsvinna.
– Kan oppblussinga i USA påverka høyringa om nemnd eller ikkje i Noreg?
– Eg trur det er ei kraftig påminning om at dette er rettar me ikkje kan ta for gitt, seier Thorsvik.
Les også: