
Per Steinar Osmundnes
Etter ei prøverøysting som gav 35 røyster til Osmundnes og 19 til Trude Brosvik frå Gulen, vart Osmundnes vald med 53 mot ei røyst. Det skjedde etter at dei som lanserte Brosvik oppmoda alle om å røyste på Osmundnes.
Trude Brosvik vart deretter samrøystes sett som nummer to på lista.
Fekk fast plass
Per Steinar Osmundnes var nummer to på lista for fire år sidan, men rykte inn som fast stortingsrepresentant då Magne Aarøen døydde i juni i fjor. På nominasjonsmøtet vart innsatsen han har gjort sidan den tid framheva som viktigaste årsaka til at han burde vere på topp.
Eit anna argument var at KrF ville tape mange veljarar i Nordfjord utan Osmundnes på førsteplass, og at det var feil å vrake ein som er stortingsrepresentant.
Brosvik var på topp

Trude Brosvik
Trude Brosvik hadde eit fleirtal på 6-4 frå nominasjonsnemnda, og det var venta eit svært jamnt oppgjer om topplassen. Men den siste tida har mange utsendingar skifta standpunkt til fordel for Osmundnes.
Brosvik sa nei til å stille for fire år sidan av omsyn til familien, og ville om ho hadde vunne, vore den første kvinnelege toppkandidaten til Kristeleg Folkeparti i Sogn og Fjordane.
Stortingslista til Kristeleg Folkeparti ser slik ut etter dei to første kandidatane:
3. Norunn Lunde Furnes, Gaular
4. Ole Martin Bakken, Luster
5. Gunn Helgesen, Selje
6. Svein Ottar Sandal, Gloppen
7. Solveig Masdal Haugsvær, Førde
8. Arne Flatland, Sogndal
9. Marit Antonsen, Flora
10.Tryggve Lillestøl, Vågsøy
11. Gunn Randi Bjørnevoll Roset, Vik