Hopp til innhold

KrF uteblei frå debatt om skeive familiar

Alle partia utanom frå KrF deltok på Regnbuedagene i Bergen sin debatt om mellom anna skeive familiar.

Debatt under Regnbuedagene 2013

GOD DEBATT: Arrangørane er godt nøgde med debatten Venstre, Raudt, SV, FrpU, Høgre, Senterpartiet og AP deltok på under Regnbuedagene.

Foto: Rønnaug Frøiland

Festivalen Regnbuedagene blei opna i dag i Bergen. Regnbuedagene er den største synlegheitsfestivalen i Noreg for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.

Festivalen opna med debatten «Skeive familier, adopsjon, surrogati, assistert befruktning og fosterhjem». I debatten deltok SV, Raudt, Venstre, FrpU, Ap, Høgre og Senterpartiet, men ikkje KrF.

Alle partia var inviterte

Stortingspolitikar Jette Christensen var Ap sin representant i debatten og ho reagerer på at KrF ikkje deltok.

– Kva er greia med at KrF ikkje stiller i opningsdebatten for Regnbuedagene, skriv Christensen på Twitter.

– De burde ha vore der, skriv ho til KrF-politikar i Bergen Filip Rygg.

Ifølgje arrangørane av Regnbuedagane blei alle partia invitert til debatten.

– Ikkje naturleg å delta

Verken leiaren i Bergen KrF, Karl Johan Hallaråker, eller gruppeleiar for KrF i bystyregruppa, Marita Moltu, kjenner til at KrF er blitt invitert til debatten.

Moltu opplyser at fylkessekretær Kari Skår Sørheim kanskje kan ha motteke ein eventuell invitasjon, men det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med henne.

Om han hadde fått invitasjon til arrangementet så hadde ikkje Karl Johan Hallaråker ønska å delta i debatten.

– Det hadde ikkje vore ein naturleg arena for meg å delta i. Eg respekterer at andre ønskjer å delta, men for meg er det ikkje naturleg, seier Hallaråker.

– Forstår du at Jette Christensen reagerer på at KrF ikkje deltek?

– Det er fritt fram å reagera, det har eg ikkje nokon kommentar til. Eg har tidlegare delteke på ting andre ikkje har delteke på. Folk står fritt fram til å velja kva dei vil delta på, seier Hallaråker.

Hareide var i naborommet

Marte Mjøs Persen opnar Regnbuedagene 2013

Ap-politikar Marte Mjør Persen stod for opninga av Regnbuedagene 2013 på Litteraturhuset i Bergen.

Foto: Rønnaug Frøiland

Arrangørane av Regnbuedagene er godt nøgde med debatten som blei halde på Litteraturhuset i Bergen onsdag kveld.

– Diverre kunne ikkje KrF delta, til tross for at Knut Arild Hareide var i naborommet, men det var ein vellukka debatt, seier PR-ansvarleg Joakim Aadland.

– Det blei roleg, sakleg og debattantane fekk lagt fram synspunkta sine. Det blei spøkt litt med at KrF ikkje var med, men det må dei tåla, seier Aadland.

KrFU i Hordaland har ifølgje leiar Terje Angelskår ikkje motteke invitasjon til debatten i dag. Dei er inviterte til paraden på laurdag, men vil ikkje delta der.

– Det er mykje i Regnbuedagene me er positive til, men me har kome fram til at paraden kanskje ikkje er den arenaen me vil delta på. Det finst fleire andre arenaer, seier Angelskår.