Hopp til innhold

KrF-toppane meiner å sjå ny giv før valkampen

FØRDE (NRK): Dei stod på kvar si side i Krf-striden. Men listetoppane i nystifta Vestland KrF meiner det no er giv i partiet før valkampen til hausten.

Ljosland og Brosvik

FORSONING: – Eg trur vi har forsona oss med det valet som blei nasjonalt, og så ser vi at det ligg mykje god politikk i regjeringsplattforma, seier KrF sin fylkesordførarkandidat i Vestland, Trude Brosvik (t.h.), her saman med Tor André Ljosland.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Partiet har vore gjennom ei turbulent tid som enda med at KrF i slutten av januar gjekk inn i regjering.

Fylkesordførarkandidat for Vestland KrF Trude Brosvik var støttespelar for Knut Arild Hareide.

– Eg opplever at det er giv hos dei sentrale aktørane og at ein ser litt annleis på det sentralt og lokalt. Det er bygda di og fylket ditt, der aller står samla og står på, seier ho.

Plasteret er rive av

Tor André Ljosland

BYGGE: – Eg trur at når vi no vil får valt ein ny leiar, kan vi samle oss om den nye leiinga og bygge vidare derfrå, seier Tor André Ljosland.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Stemninga i partiet er på veg opp, meiner Tor André Ljosland. Han har andreplassen på lista til Vestland KrF, og var ein av dei som støtta den blå sida.

Eg trur mange av dei som følte smerte føler at no er plasteret rive av. No ønskjer vi å stå saman og gjere eit godt val i Vestland til hausten.

– Har det vore verdt det å gå inn i regjering?

– Eg trur vi var nøydde til å gjere noko. Også Knut Arild, som ville noko anna enn det eg ønskte, seier at vi var nøydde til å ta eit val. Vi var langt nede på målingane.

Skule og samferdsle

Brosvik meiner det er for tidleg å seie om plassen i regjeringa har vore verdt det.

– No har vi teke eit val og det må vi gå for, vi kan ikkje heile tida tenkje at det kunne vore annleis. No har vi den samarbeidskonstellasjonen og jobbar innanfor den for å gjere det beste for Vestland – og ikkje minst barn og familiar.

Stiftingsmøte Vestland KrF

STIFTING: I dag blei Vestland KrF skipa på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane og Hordaland KrF i Førde, med verknad frå 1.1.2020. Først i eit rådsmøte til hausten skal Vestland KrF velje styre.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Under fylkesårsmøtet blei programmet til Vestland KrF vedteke. Der er skule og samferdsle mellom dei viktige sakene, påpeiker Brosvik.

– Vi seier i programmet at vi skal ikkje endre skulestrukturen i denne fireårsperioden. Det er noko eg i alle fall i Sogn og Fjordane opplever det har vore litt uro rundt.

Skal vere relevante

At dagens to fylke er ulike mellom anna når det kjem til samferdsle og kollektivtransport meiner Ljosland det er mogleg å finne løysingar på.

– Vi er forskjellige ved at vi har ein stor by. Vi har brukt det som motor for kollektivstansporten i resten av fylket. Eg trur det kan vere modell også når vi slår oss saman.

Brosvik og Ljosland reiser no rundt for å møte Krf-arar og skape iver før valkampen.

– Korleis skal de lukkast i valet?

– Eg trur vi skal lukkast med å vere relevante. Vi skal ha saker som går inn i folk sin kvardag, seier Trude Brosvik.