KrF-topp meiner dei har tapt abortkampen: – Paradoksalt om Hareide skal gå av for dette

KrF skal berre ha fått til delvise innstrammingar i abortlova i regjeringsforhandlingane. – Eit tungt ansvar for dei som løfta dette fram som ei historisk moglegheit, seier nestleiar i Hordaland KrF.

Jarle Skeidsvoll på KrF sitt ekstraordinære landsmøte

SKUFFA: Nestleiar i Hordaland KrF, Jarle Skeidsvoll, meiner blå side i partiet har mykje å svara for.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Landsstyra i Kristeleg Folkeparti, Venstre, Framstegspartiet og Høgre møtest torsdag for å drøfte regjeringsavtalen som er forhandla fram dei siste to vekene.

Kjelder i KrF seier til NRK at partiet truleg kjem til å godta avtalen, og at det er større sjanse for at det er Frp eller Venstre som set foten ned.

KrF skal ha fått til innstrammingar i abortlova når det gjeld fosterreduksjon, men har ikkje klart å få gjennomslag for å endre paragraf 2c i abortlova.

– Dette er som frykta og venta, seier nestleiar Jarle Skeidsvoll i Hordaland KrF til NRK.

Osterøy-ordføraren sit i landsstyret, og er torsdag føremiddag på veg til møtet på Gardermoen.

Utfordrar blå side

Heimfylket til partileiar Knut Arild Hareide hadde flest delegatar til det ekstraordinære landsstyremøtet i haust, der blå side vann fram.

Nestleiar Kjell Ingolf Ropstad omtalte under vegvalet i haust at ei endring i paragraf 2c var «en historisk mulighet».

Skeidsvoll stod på raud side i KrF, og meiner blå side no har ein del å svara for.

– Mange meiner spørsmålet om abortlova hadde avgjerande betydning for retningsvalet til partiet. Derfor fell ansvaret tungt på dei som løfta dette fram som ei historisk moglegheit.

– Det blir spesielt spennande å høyre korleis dei som løfta denne saka høgt, stiller seg til dette no, legg Skeidsvoll til.

Dag Sele, Knut Arild Hareide og Kjell Ingolf Ropstad på Hordaland sitt møte oktober 2018

TAPTE: Knut Arild Hareide saman med fylkesleiar Dag Sele i Hordaland KrF (til venstre) og Kjell Ingolf Ropstad.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Forventar andre gjennomslag

Han forventar at det er eit tydeleg KrF-stempel på andre saker som er forhandla fram i avtalen.

– Då tenkjer eg på saker om flyktning- og innvandringspolitikk, bioteknologi, familiepolitikk og klima.

Fylkesleiar i Hordaland KrF, Dag Sele, stilte tydelege krav til statsminister Erna Solberg då resultatet av landsmøtet var klart.

Sele, som stemte raudt, sa til NRK at abortlovnadane var så tydelege på førehand at dei burde bli innfridd utan forhandlingar.

Torsdag vil han førebels ikkje svare på om det er eit løftebrot at paragraf 2c ikkje er fjerna.

– Det er ingen tvil om at 2c og abortlova var veldig viktig for landsmøtet. Men eg vil venta til eg ser korleis dette er formulert i avtalen.

Beate Husa på talarstolen under fylkesårsmøtet laurdag

NØGD MED NEI TIL FOSTERREDUKSJON: – Det skal vi vera glad for. Når det gjeld 2c, så er eg glad for at Ropstad løfta debatten om dette i haust, seier Beate Husa.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Delsiger

Beate Husa var i haust innstilt som fylkestopp for nye Vestland KrF, men gav frå seg plassen for å sikre ro i partiet etter landsstyremøtet.

Ho stod på blå side under retningsvalet i haust. Husa meiner innstrammingane i abortlova som gjeld fosterreduksjon, er ein god delsiger.

– Det skal vi vera glad for. Når det gjeld 2c, så er eg glad for at Ropstad løfta debatten om dette i haust. Eg opplever det ikkje som eit løftebrot, for det er naturleg at ein ikkje får gjennomslag for alle saker når det er fire parti som skal forhandla, seier Husa til NRK.

Knut Arild Hareide drikker et glass vann og ser opp, Bollestad til venstre i bildet

NEDERLAG: Knut Arild Hareide tapte mot nestleiar Olaug Bollestad.

Foto: Gunhild Hjermundsrud / NRK

Hareide-tap

KrF-leiar Knut Arild Hareide har varsla at han vil gå av som partileiar dersom partiet vel å gå inn i regjering.

Ut frå kva som har kome fram til no om regjeringsavtalen, meiner Skeidsvoll at det ikkje er verd å miste Hareide for.

– Det har eg vore tydeleg på. Det er paradoksalt om vi ikkje har fått stort gjennomslag, og ikkje får ein politikk som ligg nærare sentrum. Då meiner eg dette ikkje var eit godt byte. Men det står att å sjå.