Hopp til innhold

KrF slit med å vinne unge veljarar

Andrekandidat for KrF i fylket, Tore Storehaug, har ein tøff jobb med å overtyde dei yngste veljarane under skuledebattane.

Førstegangsveljarane er ettertrakta blant politikarane, men KrF har ein ekstra tøff jobb når dei kjempar om dei unge.

TØFFE KÅR: Det er ikkje alltid like lett å få fram sin eigen politikk i skuledebattane, fortel Tore Storehaug som er andrekandidat for KrF i Sogn og Fjordane. Foto: Steinar Lote. Redigering: Steinar Lote/Ole Andre Rekkedal

Vallogo

Storehaug tek seg av så å seie alle skuledebattane i årets valkamp. Sjølv om han har fått lovord frå fleire kantar, oppnår partiet hans sjeldan gode resultat under skulevala.

Onsdag var det Florø vidaregåande skule sin tur ut. Før Storehaug sette seg i panelet visste han ikkje kva han kunne forvente.

– Det er alltid spennande. I fjor gjorde eg ein kjempedebatt her i Florø, synest eg sjølv, men då fekk eg ei stemme. Det er sjølvsagt litt kjedeleg, men så har du andre gonger der elevane verkeleg forstår kva det er snakk om ikkje og løner partia som berre lagar show.

Vil ha meir snakk om eigen politikk

Han saknar eit sterkare fokus på eigen politikk i staden for å rette fingeren mot kvarandre.

– Vi har hatt ein del debattar der dei ulike partia syng songar om kvarandre, og snakkar meir om kvarandre sin politikk enn sin eigen. Det synest eg er dumt. Dette valet betyr mykje, det betyr noko kven som styrer Norge, seier Storehaug.

Men også denne gongen gjekk det dårleg for KrF.

– Det var ein vanskeleg debatt. Det var lett å falle gjennom som eit sentrumsparti som har lyst å snakke om eige parti. Det blei ein del «dykk har gjort det, og dykk har gjort det »mellom høgre- og venstresida, og då er det vanskeleg å få sett den agendaen som eg vil snakke om, seier Storehaug etter debatten.

– Vanskeleg å treffe unge med verdispørsmål

Kanskje er resultatet likevel ikkje så overraskande, for partiet hans gjer det sjeldan godt i skuleval. I snitt debuterer KrF-veljarane i ein alder av 26 til 28 år. Det er den eldste snittalderen for stemmedebutane hos dei ulike partia.

Professor i samanliknande politikk, Frank Aarebrot, trur det er vanskeleg å selje inn verdispørsmål hos dei unge.

– Det er veldig greitt å vere for billig bensin og billigare sprit når du er 18–19 år, men du er 28 år blir du oppteken av andre ting, og det rammar jo KrF, seier han.

Utfordrande å vere sentrumsparti

Partileiar i KrF, Knut Arild Hareide, trur det kan vere utfordrande å vere sentrumsparti i skuleval.

– Det er ofte slik at ytterfløyene er meir populistiske og gjer bodskapen veldig enkel, medan vi er litt meir balanserte i sentrum, seier Hareide.

– Vi har kanskje ei utfordring i at vi prøvar å snakke verdisaker og solidaritet, medan andre prøvar å love meir og meir til alle. Det dett litt lett gjennom då, seier Storehaug.

Resultata som er klare frå dei vidaregåande skulane finn du til høgre.