– Dei som no tek dette opp, dei har ikkje partiet sitt beste i tankane. No har NRK klart å leite fram nokon som ikkje er godt kjent i partiet for å finne nokon som vil krevje Hareide sin avgang, men det betyr ikkje at det er ein debatt i partiet, seier Trude Brosvik.
Ho har vore ordførar i Gulen kommune i 12 år, har sete i sentralstyret til KrF og er ein av kandidatane til å bli KrF sin nye toppkandidat i det nye Vestland.
Brosvik blir irritert av utspelet til Timenes.
– Eg likar det ikkje. Det er berre tull, og det skapar sår og splid i partiet. No bør vi prate om saker og vegval. Det er ikkje noko leiardebatt i KrF i dag, meiner ho.
– Det kan bli utfordrande å halde fram som leiar
Rabalderet starte då Knut Arild Hareide på fredag sa at han godt kunne tenke seg å sitje i regjering i lag med Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
Det synte seg fort at mange i partiet ikkje er einig med han i det.
Også i Brosvik sitt heimfylke Sogn og Fjordane er det KrF-folk som ser at framtida til Hareide er usikker.
– Det er Hareide sjølv som må bestemme kva han skal gjere, men det er klart det kan bli utfordrande å halde fram som leiar om han ikkje får partiet med seg på å gå i regjering med Arbeidarpartiet, seier Ronald Dalsbø.
Han er lokallagsleiar i den sterke KrF-kommunen Selje, der partiet har ordføraren.
Brosvik vil likevel åtvare mot å seie slikt.
– No må vi ha ein open debatt om retning og politikk, og ikkje ein debatt om leiar, seier ho.