Hopp til innhold

«Mykje tyder på at høgskulen bør vera sjølvstendig»

BALESTRAND (NRK): Regjeringa sitt støtteparti, KrF, går langt i å freda Høgskulen i Sogn og Fjordane som sjølvstendig eining i den betente fusjonssaka.

Anders Tyvand

SKEPSIS MOT TVANG: – Det er ein veldig dårleg ide å slå høgskular saman med tvang, sa stortingsrepresentant Anders Tyvand (KrF) under fylkesårsmøtet til Kristeleg folkeparti i Balestrand. Tidlegare på dagen hadde han vore i møte med leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg har ikkje tru på tankegangen om at alt blir bra, berre det blir stort nok og institusjonar blir slått saman, heller ikkje innan universitets- og høgskulesektoren, sa Anders Tyvand (KrF), medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, til fylkesårsmøtet til KrF, som opna i Balestrand i kveld.

Stortingsmelding som påskekrim

Det er godt nytt for leiing ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), som bit negler før Regjeringa legg fram ei stortingsmeldinga om ein ny høgskulestruktur før påske, også omtalt i høgskulekrinsar som årets skumlaste påskekrim.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil nemleg slå saman mindre høgskular til større einingar for å gjera utdanninga og forskinga betre. Men leiinga ved HiSF har fleire gonger trassa statsråden og stått fast på at sjølvstende er det beste, men med forpliktande samarbeid med andre institusjonar.

Tyvand støttar det standpunktet og går langt i å freda HiSF som sjølvstendig eining:

– Mange piler peikar i rett retning for HiSF. Dei leverer gode resultat. Så eg meiner at mykje tyder på at høgskuleleiinga har rett i sin analyse.

Tyvand meiner samstundes det er behov for endringar for mange høgskular, og KrF vil avventa stortingsmeldinga før partiet endeleg konkluderer.

Stortingsfleirtal mot tvang

For å få gjennomført gjennomgripande endringar på høgskulekartet, vil ikkje kunnskapsministeren sjå vekk frå tvangssamanslåingar:

– Utgangspunktet vårt for denne prosessen er ikkje tvang, men eg kan ikkje avvisa at me kjem til å ta avgjerder som me har makt og mynde til, sa Røe Isaksen då han vitja HiSF 27. januar.

Dersom Regjeringa verkeleg går inn for å fusjonera høgskulane mot deira vilje, kan dei blå venta seg motbør på Stortinget. Der er det nemleg etter alt å døma fleirtal mot tvang. Frå før har SV, Ap, Sp flagga djup skepsis. Tidlegare i denne veka gjorde Venstre og stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn det same. Den same bodskapen kjem òg frå Tyvand og KrF:

– Eg har sagt tydeleg ifrå til statsråden at å slå høgskular saman med tvang er ein veldig dårleg ide.