Hopp til innhold

KrF-byråd: – Skjenkestopp er unødvendig

Bergen har gått frå 125 til under ti nye koronasmitta per dag. Samstundes har byen gått frå alkoholservering til skjenkestopp. No reagerer til og med helsebyråden frå Kristeleg Folkeparti.

Beate Husa

KRF MOT SKJENKEFORBOD: Helsebyråd Beate Husa i Bergen meiner byen ikkje treng skjenkestopp no.

Foto: Synnøve Horvei / NRK

– Det er jo strengt, og strengare enn det som er naudsynt. Her lokalt er det ikkje grunnlag for skjenkestopp no, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).

Bergen hadde berre ei handfull nye koronasmitta i dag. Men same dag vidareførte regjeringa det nasjonale skjenkeforbodet som også gjeld i Bergen.

Då byen på det verste hadde heile 125 nysmitta 13. november, var det derimot ikkje skjenkeforbod der. Den gongen gjekk det an å drikka alkohol på utestadane.

– Ikkje KrFs forslag

Kristeleg Folkeparti er ikkje akkurat kjend for ein liberal alkohol- og skjenkepolitikk. Men helsebyråden meiner Bergen ikkje treng skjenkeforbod no.

– Me har ein veldig god og oversiktleg smittesituasjon i Bergen. Då er det klart at det aldri hadde vore aktuelt for å oss å innføra noko skjenkeforbod.

Er ikkje du som KrF-ar glad for ein kvar skjenkestopp?

– Partiprogrammet vårt tilseier jo ein litt annan skjenkepolitikk enn den me har i Noreg. Men eg reknar ikkje med at det er KrF som har fått gjennomslag for dette på regjeringsnivå, seier ho med ein smil.

Frustrasjon

Folkehelseinstituttet tilrådde å fjerna skjenkeforbodet. Men statsminister Erna Solberg (H) sa at tilsette i utelivsbransjen er «sterkt overrepresenterte» blant koronasmitta. Ho viste også til ein dansk rapport om høg smittespreiing på barar.

Forbodet skal revurderast neste veke.

Husa seier ho forstår frustrasjonen til bransjen og bergensarane.

– Me skulle sjølvsagt ønska oss at det var litt meir kommunal sjølvråderett akkurat no, sidan Bergen er i ein god situasjon.

Statsminister Erna Solberg (H) og helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) gjør rede for håndteringen av koronapandemien i Stortinget mandag.

OPPRETTHELD SKJENKESTOPP: Statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høye.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Det er sjølvsagt viktig for regjeringa å gjera ei totalvurdering for landet. Det er ikkje enkelt. Men det er klart at når me har så ulik smittesituasjon rundt om i landet, forstår eg dei som opplever at dette er urettferdig og at det rammar skeivt, seier Husa.

Husa seier også det er trist at kulturarrangement framleis er sett på vent, sjølv om det er lite smitte i Bergen.

Følgjer pålegga

Men byrådet i Bergen har ikkje tenkt å trassa dei nasjonale reglane.

– Det er sjølvsagt trist for bergensarane at me no må forhalda oss til veldig strenge reglar og tilrådingar. Men det gjer me sjølvsagt. Me har ikkje høve til å til dømes gjera endringar når det gjeld skjenking i Bergen.

Husa understrekar at ho hadde sett annleis på situasjonen dersom smitten i byen hadde vore høg.

– Hadde me vore i ein meir krevjande situasjon, hadde me sett veldig pris på den nasjonale drahjelpa, skal eg vedgå.

– Best i klassen

Også i Bergen var det frykta smitteauke etter jul og nyttår, men det har ikkje slått til. Bergensarane har fått og får framleis ein god attest frå både legevaktsjef Dagrun Waag Linchausen og helsebyråd Husa.

– Eg er veldig nøgd og letta over at det har gått så bra som det har. Bergensarane er flinke, eg vil seia nesten best i klassen. Dei har verkeleg vist evne og vilje til å få ned smittetala raskt.

– Burde dei då fått litt «pay off» no?

– Jo, og det er det som kjennest litt sårt. Eg er sjølvsagt uroa for næringslivet og arbeidsplassane, og sjølvsagt den psykiske helsa til kvar enkelt. Me er møkkleie av korona alle saman og lengtar tilbake til det vanlege livet.