I går vart vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen stengd av ras for andre gong i år. Problemet til Hydro er at dei kvar dag må frakte råstoff frå Årdalstangen til Øvre Årdal.
- Blir vegen stengd lenger enn 24 timar kan det bety stenging av omnar, og for dei eldste av omnane kan det då bli for godt, seier Bakke.
Startar arbeidet i dag
Statens Vegvesen startar i dag arbeidet med å rydde dei to rasa som stenger riksveg 53 mellom Årdalstangen og Nadvik .
Raset mellom Fodnes og Årdalstangen. Foto: Steinar Lote
Rune Dvergsdal, som er byggeleiar i Drift og Vedlikehald i Statens Vegvesen, håpar dei skal kunne åpne for trafikk i løpet av dagen.
Når det gjeld raset mellom Nadvik og Fodnes, der 40-50 meter av vegen er vekke, seier Dvergsdal dei først må gjere målingar av kva fundamenteringar som må til, før dei kan starte utbetringsarbeidet.