– Turistforeininga ønsker å bidra til å rusta opp fjellet for å gjera dei mest besøkte fotturane tryggare, seier dagleg leiar Helene Ødven i Bergen og Hordaland Turlag.
I 2010 var det under 1000 turistar på Trolltunga. Sidan har talet eksplodert, og dei to siste åra er talet dobla frå 40.000 til over 80.000 i 2016.
I år har det vore 51 redningsaksjonar langs denne stien.
- Les også:
– Først og fremst trengst hytteanlegg langs stiane til stader som Trolltunga og Kjerag der det kjem svært mykje folk, men også å rusta opp og halda ved like eksisterande hytteanlegg andre stader.
Fylkesmannen sa nei
Trolltunga ligg like ved grensa til Hardangervidda nasjonalpark. Fylkesmannen i Hordaland har tidlegare sagt nei til å byggja turisthytte ved Trolltunga, av omsyn til villreinen i området.
No ser Ødven føre seg ei hytte lenger vest, om lag halvvegs på stien til det populære turmålet.
– Det ville også gjort Trolltunga meir tilgjengeleg for barnefamiliar.
KREV STØTTE: Turistforeininga krev støtte til ei turisthytte halvvegs til Trolltunga, seier dagleg leiar Helene Ødven i Bergen og Hordaland turlag (DNT).
Foto: Leif Rune Løland/NRK– Treng fleire 100 millionar
Etter Brennpunkt-programmet lovar justisminister Anders Anundsen 2 millionar kroner til Røde Kors og Norsk Folkehjelp for å dekka ekstrautgiftene deira i årets sesong.
– Det er småpengar, er kommentaren frå Ødven.
– Det ligg eit stort samfunnsansvar å byggja turisthytter på slike stader for å førebyggja redningsaksjonar. Det er DNT villig til, men då trengst fleire hundre millionar kroner.
Ifølge Ødven er det ikkje økonomisk lønsamt for DNT å driva slike hytter.
– Staten må bidra til å sikra både bygging og drift av hytteanlegg. Først då vil me vurdera det.
– Hadde vore fantastisk
Bjørn Arild Fjeldsbø har vore områdeleiar for Odda Røde Kors i år.
– Ei turisthytte på halvvegen hadde vore eit fantastisk tryggleikstilbod. Då hadde me slept omtrent alle redningsaksjonar på grunn av utmatting eller mangel på lykt, og berre trengt å hjelpa dei som går seg vill i dårleg vêr eller skadar seg.
DET HASTAR: Ei hytte hadde fjerna dei fleste redningsaksjonar, meiner Bjørn Arild Fjeldsbø i Odda Røde Kors. Og han etterlyser strakstiltak frå Regjeringa før neste sesong.
Foto: Tale Hauso / NRKUansett meiner han at ulike departement må samarbeida raskt om løysingar før neste års sesong.
– Det hastar. Sesongen byrjar allereie i mars.
Han meiner styremaktene må vurdera å avgrensa allemannsretten i slike spesielle område som er svært mykje besøkt av lite fjellvande turistar.
– Kanskje bør det stillast krav til utstyr ein må ha med seg på denne turen. Å setja eit klokkeslett som siste frist for å starta på turen, er kanskje vanskelegare, meiner Fjeldsbø.
ÅTVARING OG RÅD: Frivillige organisasjonar etterlyser sterkare tiltak enn skilting langs Trolltunga-stien.
Foto: Odda kommuneOffentleg løna redningsteam
Leiar Terje Kollbotn i Raudt Odda har ei rekke forslag til tiltak før 2017-sesongen:
- Alle Trolltunga-turistar må betala 500 kroner til kollektivtransport tur/retur og utvikling av reisemålet.
- Maksimalt 2000 turistar dagleg.
- Råd og guiding på fleire språk i bussen/taxien.
- Kontrollsjekk på utstyr før turen.
- Brakkerigg med 100 overnattingsplassar, enkel matservering, og toaletttilhøve, ved Floren eller nærare Trolltunga, kombinert med ein Base Camp for telting.
- Eit profesjonelt guide- og redningsteam med tilskot frå fylke og stat.
– Me vonar desse forslaga kan få gjennomslag på møtet i Utviklingskomiteen og styringsgruppa for Trolltunga i Odda kommune den 7. desember, seier Kollbotn.
ÅTVARING: Stien til Trolltunga er merka med fareskilt, men ikkje alle turistar bryr seg.
Foto: Henrik Evertsson / NRK