Hopp til innhold

Meiner regjeringa har øydelagt for distrikta

SANDANE (NRK): Knut Arild Hareide kritiserer Høgre og Frp for reformer som sentraliserer og øydelegg for Distrikts-Norge. KrF seier reformpause blir eit viktig krav til ei ny regjering.

Knut Arild Hareide

VIL HA STOPP: Krf-leiar Knut Arild Hareide (KrF)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi har hatt for mange reformer som har vore negative for distrikts-Norge. Det er naturleg at vi tek ein pause, seier Hareide.

KrF-leiaren er på valturnè i Sogn og Fjordane. Med seg har han KrF sin nye plan for levande distrikt. Planen har 30 punkt, eitt av dei har partiet utheva i svart skrift: KrF krev reformpause.

– Vi er opptekne av å sjå heilskapen i Noreg. Vi har vore kritiske til regjeringa sine mange reformer som har gått utover Distrikts-Norge og gitt ein betydeleg sentraliseringseffekt, seier Hareide.

Kritiserer regjeringa på nytt

Fleire gonger har samarbeidspartiet KrF vore kritiske til regjeringa Solberg: KrF sa nei til å tvangssamanslå kommunar, nei til nytt inntektssystem for kommunane, og nei til nedlegging av skattekontor. Nok ein gang hamrar KrF-leiaren laus på Erna og Siv sin distriktspolitikk:

– Vi har vore opptekne av å sikre ein god landbrukspolitikk for heile landet. Vi har opplevd at det har vore krevjande i møte med ei regjering som har gått altfor langt, men vi har snudd det i Stortinget, seier Hareide.

Knut Arild Hareide (Krf)

PÅ VALTURNÈ: Knut Arild Hareide i Sogn og Fjordane der mange veljarar er misnøgde med regjeringa sin reformiver.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Viktig krav til ei ny regjering

KrF seier at reformpausen vil vere eit viktig krav til ei ny regjering:

– No gir vi ein tydeleg bodskap til regjeringa, og veljarane, om at KrF kjem til å stå opp for Distrikts-Norge, seier Hareide,

– Kvifor skal ein stemme KrF og ikkje på dei to partia som faktisk vil reversere upopulære reformer?

– Veldig mange som har vore mot noko, ser at det er klokt det KrF gjer. Ap og Sp har vore utydelege på kva dei i realiteten vil reversere. Om nokre kommunar blir slått saman med tvang, så treng ikkje det vere klokt å endre avgjerda når kommunane har gått i prosessar og kome langt, seier Hareide.

Høgre vil ikkje stanse

I Høgre møter utspelet ei kald skulder. Partiet sin fyrstekandidat i Sogn og Fjordane, Frida Melvær, vil ikkje ha reformstopp:

– Høgre har hatt KrF som samarbeidsparti i fire år, og har veldig gode erfaringar. KrF har vore med på fleire reformer. Mange av reformene er ikkje ferdige, så det er viktig at vi på borgarleg side arbeider vidare med gjennomføringa.

Smilande Frida Melvær

USAMD: Frida Melvær (H) meiner mykje går bra i distrikta.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Melvær meiner det ikkje er rett å skulde regjeringa for sentralisering:

– Reformene har ikkje skapt sentralisering. Situasjonen i distrikta er veldig positiv, veldig mange piler peikar oppover. Kommuneøkonomien har aldri vore betre, seier Melvær.

Vil ha garanti

Men Knut Arild Hareide er tydeleg på at reformpausen trengst:

– Vi går ikkje vidare før vi har gode garantiar for at reformene faktisk fungerer for Distrikts-Norge, seier Hareide.