Lars Haltbrekken. Arkivfoto: NRK/Puls
Det førebels siste i rekka her i fylket er Lutelandet i Fjaler. Leiar i Norges Naturvernforbund, Lars Haltbrekken, meiner ein no må få klargjort kva område som er eigna til utbygging og ikkje.
Etterlyser koordinering
- Vi ynskjer ei betre nasjonal koordinering av vindkraftutbyggingar, og vi har etterlyst fylkesvise planar for slik utbygging, slik at vi kan sjå planane og konsekvensane av dei samla, seier Haltbrekken.
Må unngå prosjekt som er til skade
I Sogn og Fjordane er det planar om vindkraftverk i Fjaler, Flora og Bremanger. Lars Haltbrekken i Norges Naturvernforbund vil ikkje kommentere nokon av desse planane enkeltvis. Han meiner Direktoratet for Naturforvaltning bør få ansvaret for å utarbeidd eit oversyn over område som ikkje er eigna til vindkraftutbygging. - Då kan vi unngå prosjekt som er til skade for viktige naturverdiar, seier han.
Viktig å ikkje skape motvilje
Haltbrekken strekar under at naturvernforbundet i utgangspunktet er positiv til vindkraft. - Men vi ynskjer utbygging på ein måte som ikkje går ut over naturen. Det er viktig å ikkje skape unødig motvilje mot ei rein energiform som vindkraft er, seier leiaren i Norges Naturvernforbund.