Hopp til innhold

Krev ny symjehall

Fredag vart det oppdaga ein større lekkasje i symjehallen i Førdehuset. Bassenget er no stengt for ein kortare periode. Leiar i symjegruppa i Førde, Sissel Laache, seier til Firda at det innan seks år bør vere på plass ein ny hall. – Det er inga bombe at anlegget går i stå, og eg ventar berre på den verkeleg store smellen, seier ho til avisa.