Hopp til innhold

Krev ny etterforsking av Søviknes

Kvinna i Søviknes-saka ber statsadvokaten gjenopne etterforskinga av valdtektsmeldinga frå 2000.

Olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp)

Terje Søviknes måtte si frå seg alle verv i partiet Frp i 2001, men i desember 2016 vart Søviknes henta inn som olje- og energiminister.

Foto: Heiko Junge / NPK

Det melder Bergens Tidende.

Meldinga mot olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) vart i si tid lagt bort. No vil kvinna som melde til politiet og hennar advokat, Jannicke Keller-Fløystad, at statsadvokaten skal vurdere saka på nytt.

– Både manglar ved etterforskinga og val av henleggelseskode gjer at det må stillast spørsmål ved om etterforskinga var objektiv, eller om det har vore tatt utanforliggande omsyn, seier advokaten til avisa.

Har registrert krava frå kvinna

Krava om gjenopning av saka vart sendt til statsadvokaten i Buskerud, Vestfold og Telemark 5. juni.

Terje Søviknes vil ikkje kommentere saka ut over å seie til Bergens Tidende at han har registrert krava frå kvinna. Til NRK vil han ikkje kommentere utover dette sitatet.

Kvinna, som no er 34 år gamal, søkte også i mars i år om erstatning frå Kontoret for valdsoffererstatning.

Terje Søviknes, Carl I. Hagen og Siv Jensen

HARDT PRESSA FRP-LEIING: Søviknes-saka skaka Frp då den vart kjend i 2001. Carl I. Hagen og nestformann Siv Jensen kjempa ein forgjeves kamp for Søviknes.

Foto: Knut Fjeldstad / SCANPIX

Politiet undersøkte saka

Søviknes-saka sende sjokkbølger gjennom det politiske Noreg då den vart kjend i 2001.

Terje Søviknes, som då var 31 år gamal og nestleiar i Frp, hadde hatt sex med ei 16 år gamal jente på eit FpU-landsmøte i januar 2000.

Jenta sa i avhøyr at det som skjedde mellom ho og Søviknes, ikkje var frivillig frå hennar side.

Politiet undersøkte saka på eige initiativ, og etterforska Søviknes for seksuelle overgrep. Saka vart lagt bort som ikkje straffbart forhold.