Hopp til innhold

Barnehageeigar slår tilbake etter millionkrav frå kommunen: – Fullstendig uaktuelt

MATHOPEN (NRK): Renate Nysæther tente mest av alle leiarar i aksjeselskapsbarnehagar i 2015, men nektar for at millionutbetalingane dei siste åra er i strid med lova. – Eg er villig til å ta denne saka så langt som eg må.

Renate Lundgren Nysæther, eier Cultiva barnehage

BARNEHAGEGRÜNDER: Barnehageeigar Renate Lundgren Nysæther har dei tre siste åra hatt ei snittløn på 1,5 millionar kroner.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Gjennom fleire år har barnehagestyraren brukt lite på løn til sine tilsette – og utbetalt millionar til seg sjølv. No krev kommunen 1,96 millionar kroner tilbake.

– Eg forstår at ein kan reagera på at ein barnehageeigar skal tena så godt som eg har gjort. Men det ligg ganske mykje til grunn for dei lønsutbetalingane, seier eigar, styrar og pedagog Renate Lundgren Nysæther i Cultiva barnehage.

Bakgrunn: Barnehagestyreren ga seg selv fire ganger høyere lønn enn sine ansatte

– Urettmessig utbetaling

Bergen kommune har i eit halvt år ført økonomisk tilsyn med barnehagen. Dei meiner Nysæther har gitt seg sjølv løn som ho ikkje har krav på.

Kommunaldirektør Trine Samuelsberg

TILSYN: Bergen kommune meiner Nysæther har gitt seg sjølv løn som ho ikkje har krav på, fortel kommunaldirektør Trine Samuelsberg.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Me har sett på det me meiner er urettmessig utbetalt, med tanke på forventa løns- og personalkostnader i barnehagen, seier kommunaldirektør Trine Samuelsberg i Bergen kommune.

I barnehagelova er det nedfelt at lønsutgiftene per plass i barnehagen ikkje kan vera vesentleg lågare enn lønsutgiftene i kommunale barnehagar.

Det er dette punktet Bergen kommune meiner Nysæther og Cultiva barnehage ikkje har oppfylt.

– Det er fullstendig uaktuelt å betala tilbake pengane. Saman med min revisor og advokat vil eg bruka god tid på å gå gjennom tilsynsrapporten, seier Nysæther, som vil vurdera å hyra ytterlegare ein advokat.

Renate Lundgren Nysæther, eier Cultiva barnehage

– RETTFERDIG: – Eg synest innsatsen min rettferdiggjer å ha høg løn nokre år, seier Renate Lundgren Nysæther,

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Svært uvanleg at barnehagar må betala tilbake

Ei kartlegging gjort av Agenda Kaupang i 2017, viser at norske kommunar i liten grad fører økonomiske tilsyn med private barnehagar.

Kun i eitt tilfelle har ein barnehage vore nøydd å betala tilbake tilskot.

– Det er svært uvanleg. Enkelte barnehagar får krav om tilbakebetaling, men i dei fleste sakene der avgjerda hamnar hjå Fylkesmannen, får barnehagane medhald, seier administrerande direktør i Private barnehagers landsforbund, Arild M. Olsen.

Undersøking viser at berre éin kommune har lukkast i å få betalt tilbake pengar.

Kjenner seg uthengd som barnehageprofitør

Nysæther etablerte barnehagen i 2007. Den gongen fekk ho eit bidrag på 1,4 millionar kroner i offentleg støtte, men hevdar samstundes at ho tok opp eit privat lån på 3 millionar kroner for å finansiera etableringa av barnehagen.

Årsrekneskapen til selskapet viser at Nysæther tok ut 438.000 kroner i gjennomsnittsløn dei tre første åra ho dreiv. I 2010 kom den første millionutbetalinga – 1,4 millionar kroner.

Nysæther rettferdiggjer dei romslege utbetalingane dei siste åra med det ho kallar magre utbetalingar i oppstarten, og betjening av det private lånet.

Renate Lundgren Nysæther

EIGAR: – Dette er livsverket mitt og eit resultat av blod, sveitte og tårer, seier Renate Lundgren Nysæther.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eg etablerte ein barnehage i ein periode der det var der prekær mangel på barnehageplassar og har fungert som styrar, pedagogleiar og vikar når assistentar er sjuke. Eg er slett ingen barnehageprofitør, slik eg oppfattar å bli framstilt.

– Kan du rettferdiggjera dei høge lønningane du har tatt ut dei siste åra?

Ja, eg synest innsatsen min rettferdiggjer å ha høg løn nokre år. Men det er utenkeleg å ta ut 1,4 mill. kvart år.

Cultiva barnehage

CULTIVA: Barnehagen, tidlegare kjent som Mathopen natur- og friluftsbarnehage, har om lag 30 barn, og har dei siste åra fått rundt fire millionar i kommunalt tilskot.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK