Hopp til innhold

Krev meir pengar til rassikring etter raset over rv. 13: – Må ta til fornuft

Lokalpolitikarar i Odda meiner det vil gi god valuta for pengane å investera i rassikring, og meiner andre prosjekt må setjast på vent til vegane er sikra.

Dronebilde av steinraset i Tyssedal 19.07.2022.

RAS: Tysdag morgon like etter klokka sju gjekk raset over riksveg 13 i Ullensvang i Hardanger. Ingen vart tekne av raset.

Foto: Statens vegvesen

– Å herregud. Her gjekk eg med barnebarnet mitt førre veke, seier Terje Kollbotn (R) i det han kikar over kanten av rv. 13 mellom Oksla- og Stanatunnelane i Hardanger.

I den bratte skråninga ned mot fjorden ligg steinar og knuste tre. Tysdag morgon gjekk eit stort ras over den korte strekninga på rundt 100 meter mellom dei to tunnelane.

Fanggjerdet på oppsida av vegen vart rive ned då 1000 kubikk med stein losna frå 470 meters høgd oppe i fjellsida.

Ras i Tyssedal 19.07.2022. Raset har gått høyt i fjellsiden, og det er tydelige spor etter det.

Raset tysdag losna høgt oppe i fjellsida.

Foto: Statens vegvesen

I går opplyste Vegvesenet til NRK at dei vil vurdera å oppgradera fangnettet frå å tola dagens 2000 kilojoule, til eitt som toler minst 5000 kilojoule.

Det held ikkje for Kollbotn.

– No er tida inne for å skjera gjennom og seia at me skal ha ei fullverdig løysing med ein fangmur og eit skikkeleg, solid overbygg som toler steinmassar på mangfaldige tonn, seier Raudt-politikaren frå Odda.

Terje Kollbotn mellom Stanatunnelen og Okslatunnelen.

Terje Kollbotn mellom Oksla- og Stanatunnelane på rv. 13.

Foto: Tale Hauso / NRK

Overbygg var oppe til vurdering

Stanatunnelen vart bygd i 2003 for å gjera den rasutsette vegen tryggare. På den tida var det diskusjonar om kor vidt tunnelen burde gå i eitt langt løp, inn i Okslatunnelen i sør, i staden for å ha to kortare tunnelar.

Vegvesenet meinte at det sjeldan gjekk ras og valde å ikkje prioritera midlar til ein lengre tunnel.

Det skriv Hardanger Folkeblad.

Steinras sperrer veien mellom Oksla- og Stanatunnelen i Tyssedal

Frå raset gjekk like etter klokka sju, tok det elleve timar før det var rydda slik at naudetatane kunne passera. Tretten timar etter raset starta ledebilkøyring for andre trafikantar.

Foto: Vest politidistrikt

– Det er jo litt trist å sjå på i dag, når det no har gått eit veldig skummelt ras, seier ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug (Ap).

Svenn Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen vest, seier han ikkje kjenner til kva vurderingar som var gjort då tunnelane vart bygde.

– Det er mange år sidan. Ting kan og ha endra seg. Klimatiske forhold gjer at ting endrar seg i skredløp, og det kan ha kome nye skredløp, seier Finden.

– Om det hadde blitt gjort ei anna vurdering i dag, er vanskeleg å seia, seier Finden.

Svenn Egil Finden

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen vest, Svenn Finden, seier han ikkje veit kva vurderingar som vart tekne før Stana- og Okslatunnelane vart bygde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Meiner politikarane kan viss dei vil

Ullensvangordførar Aga Haug tek til orde for å opprioritera rassikring, og viser til Vegvesenet sine berekningar frå 2019, som viser at det vil kosta 70 milliardar å sikra dei mest utsette skredpunkta her til lands.

Roald Aga Haug (Ap)

Roald Aga Haug seier han har hatt besøk av mange politikarar og parti som alle har vore einige om at det trengst meir pengar til rassikring.

Foto: Lidvard Sandven

Med prisstigning vil prisen koma på 80–90 milliardar, skriv Nasjonal rassikringsgruppe.

– Politikarane, som alle einige om at rassikring er viktig og nødvendig, har eigentleg ingen problem med å løysa dette. Viss dei vil, kan dei enkelt setja av ein liten andel av Nasjonal transportplan (NTP), så vil det løysa seg, seier Haug.

NTP frå i fjor omtalte prosjekt planlagt til totalt kring 1200 milliardar. NTPen som vart vedteken i 2013, var på i overkant 500 milliardar.

Men då vil samferdslebudsjetta halda fram med å esa ut?

– No har desse budsjetta est ut utan at det har blitt noko særleg meir pengar til rassikring. Ein må rett og slett prioritera desse oversiktlege rasprosjekta høgare. Det bør gi ganske høg valuta for pengane.

Haug minner om at mykje brukte samferdsleårer kan bli sikra til det han meiner er ein relativt liten pris.

Steinras sperrer veien mellom Oksla- og Stanatunnelen i Tyssedal

Frå raset gjekk like etter klokka sju, tok det elleve timar før det var rydda slik at naudetatane kunne passera. Tretten timar etter raset starta ledebilkøyring for andre trafikantar.

Foto: Vest politidistrikt

– Dei midlane som i dag blir brukte på rassikring, er ikkje meir enn overskridelsane på enkelte jernbaneprosjekt på Austlandet, seier Haug.

Terje Kollbotn meiner store samferdsleprosjekt må venta, fram til dei norske vegane er sikra for ras.

– No må dei ta til fornuft og innsjå alvoret. Elles kjem dei til å få enno fleire liv på samvitet, seier Raudt-politikaren.