Hopp til innhold

Krev meir helsepengar

Fylkesvaraordførar Tor Bremer meiner Helse Førde må bli kompensert når staten overprøver kuttvedtak og kjem med nye bindingar til sjukehusdrifta.

Tor Bremer
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Sjølv om Sogn og Fjordane ligg på landsnittet i bruk av helsepersonell, får Helse Førde stadig nye krav om innsparingar.

- Urimeleg å bli straffa

- Det er urimeleg viss vi skal straffast i fylket vårt når det gjeld tilgangen på helsetenster fordi at det bur færre menneske her, og vi slik sett får dyrare helsetenester per innbyggjar, seier fylkesordførar Tor Bremer.

Sogn og Fjordane ligg i følgje ein Sintef-rapport frå 2007 på landsnittet i bruk av helsepersonell på sjukehusa. Likevel har Helse Førde dei største økonomiske problema i Helse Vest.

Legg bindingar på drifta

Bremer meiner fordelinga av pengar til sjukehusa i større grad må tilgodesjå distriktsfylket som Sogn og Fjordane. Han krev at pengar må følgje etter når eigarane overprøver kuttvedtak og kjem med nye bindingar til sjukehusdrifta.

- Eg tykkjer det bør kompenserast når dei legg så pass store bindingar på drifta, seier Bremener, men presiserer at det ikkje er urimeleg med bindingar så lenge det er grunngjeve med at det skal vere ein minstestandard på tenestene.

Avviser nedprioritering

Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet Dagfinn Sundsbø meiner Helse Førde ikkje er underprioritert og viser til at dei får lov til å gå med 40 millionar kroner i underskot.

- Eg føreset at budsjetta har teke høgde for drifta dei har planlagt, seier han.