Hopp til innhold

Krev kostnadene på bordet

Aksjonsgruppa "Forsvar Lærdal sjukehus" krev no at styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, legg fram tal som syner kostnadene med ei fødeavdeling kontra ei fødestove.

Torsdag sa styreleiaren at dersom fødeavdeling i Lærdal skal gjenopprettast betyr det at andre tilbod må leggjast ned.

Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal Sjukehus seier det no er i ferd med å bli skapt ei sanning om at ei fødeavdeling er dyrare enn fødestova.