Det handlar om prestisje for politikarane i Møre og Romsdal når dei skal behandle fusjonen mellom Møre og Romsdal Fylkesbåtar og Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane
Leiaren i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal har allereie sagt at det er meiningslaust at hans eige fylke skal gå inn som minoritetseigar med 41 prosent av aksjane, medan Sogn og Fjordane fylke skal eige heile 59 prosent, slik forslaget er.
Og han har fleire fylkespolitikarar med seg. Mange ropar varsku fordi dei to selskapa ikkje er likestilte, og fleire er nok redde for at Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane skal bli dei som styrer og tek avgjerdene, medan MRF blir plasserte i baksetet.
Trass i denne skepsisen har fylkesutvalet i Møre og Romsdal i dag gått inn for fusjon mellom dei to selskapa. I morgon er det fylkestinget som skal ta endeleg avgjerd.