Krev gransking etter at kommunen brukte millionar på rorbuopphald

FLORØ/MÅLØY (NRK): Lokalpolitikarar vil granske pengebruken etter at det vart kjend at kommunen har brukt millionar på overnatting, mat og vin i kystperla Kalvåg.

Knutholmen i Kalvåg

FLITTIG PENGEBRUK: Mellom 2017 og 2019 vart kring 30 kommunale samlingar lagt til overnattingsstaden Knutholmen. Over 2 millionar kroner vart brukt i denne perioden i budsjettet til Kinn, som skal spare 75 millionar kroner fram til 2023.

Foto: Pressefoto

– Det går ikkje an å halde på slik, seier Frp-politikar Frank Willy Djuvik.

Han er blant fleire som reagerer på nyhenda om at kommunetoppane i nye Kinn har brukt over 2 millionar kroner på 200 flasker vin, middagar og overnatting i Kalvåg.

No krev kommunestyremedlemmen at kontrollutvalet i Kinn granskar pengebruken.

Kraftige kutt

Tidlegare har NRK skrive om utlegga som skjedde i perioden mellom 2017 og 2019. I dette tidsrommet var det hektisk møteverksemd rundt samanslåinga av kommunane Vågsøy og Flora til Kinn kommune.

Det vart mellom anna kjend at kommunetoppane ved éin anledning hadde fått middagsbuffé til 700 kroner per person. Samla vart det ete og drukke den kvelden for godt og vel 100.000 kroner.

– Eg blir heilt skaka når eg høyrer slike tal, og av at ein brukar pengar på den måten. Det er dessverre altfor mange politikarar som ikkje skjønnar at ein brukar andre sine pengar.

Frank Willy Djuvik

KRITISK: Kommunestyremedlem Frank Willy Djuvik (Frp) er kritisk til pengebruken. Han meiner saka bør granskast av kontrollutvalet i Kinn kommune.

Foto: Adam Pietrzak / Adam Pietrzak

Det har vore over 30 kommunale samlingar på restauranten og overnattingsstaden Knutholmen. Sluttrekninga for ei av samlingane hamna på 313.000 kroner. På same tid har kommunen vedtatt å kutte 75 millionar kroner fram til 2023 for å komme i balanse.

– Ein øydelegg eigentleg for legitimiteten av kommunesamanslåinga når ein viser til slik pengebruk som dette. Ein kan ikkje halde på slik, seier Djuvik.

– Må til kontrollutvalet

Han meiner at pengane som vart brukt under møter i samband med kommunesamanslåinga, kunne vorte sparte dersom ein hadde meir kontroll på pengebruken.

– Det vart gitt blankofullmakt til fellesnemnda om at dei kunne bruke pengar til overs utan at dette skulle innom politikarane. No ser me resultatet av det.

Han meiner no at kontrollutvalet i Kinn kommune er nøydd til å sjå nærare på pengebruken.

– Det er heilt openbert. Deretter bør det leggast fram for kommunestyret slik at dei kan ha ein meining om det også.

Ordføraren vil ta grep

Ordførar Ola Teigen (Ap) i Kinn kommune meiner at pengebruken har si naturlege forklaring.

– No kjenner eg ikkje saka i detalj, men ein må ikkje gløyme at me har samla fleire hundre personar til møte i samband med samanslåinga.

Teigen seier det er vanleg praksis at tilsette får to einingar alkohol til maten.

– Så kan ein diskutere om det er rett eller ikkje, seier han.

Rådmann Terje Heggheim og ordførar Ola Teigen i Kinn.

SEIER JA TIL GRANSKING: Korkje rådmann Terje Heggheim eller ordførar Ola Teigen har noko imot at kontrollutvalet ser på pengebruken på Knutholmen.

Foto: Bård Siem / NRK

Teigen er samd med Djuvik i at det er lurt å sende saka til kontrollutvalet.

– Eg meiner det er eit godt forslag. Er det spørsmål knytt til pengebruken, så er det naturleg at me ser på det.

Rådmann Terje Heggheim meiner det er greitt at kontrollutvalet ser på saka.

– Vi har følgt regelverket, seier han.

Vil sjå på pengebruken

Bjørn Hollevik (H), som er leiar av kontrollutvalet i Kinn kommune, seier at dei vil sjå på pengebruken i samband med samanslåinga av Flora og Vågsøy.

– Når slike saker dukkar opp, er det naturleg for oss å kalle inn rådmannen for å stille spørsmål. Han får høve til å svare på kvifor det er gjort slik det er gjort. Eg trur den naturlege utgangen av denne saka er at det blir laga eit prosjektrekneskap på omstillingsarbeidet på oppkøyringa til Kinn kommune, seier han.

Saka kan komme opp i kontrollutvalet allereie om ei veke på eit planlagd ekstraordinært møte.

– Eg har dialog med medlemmane i kontrollutvalet i morgon. Eg vil sjekke med dei om dette er ei sak me skal ha eit raskt fokus på, og vil i alle fall foreslå at me sender spørsmål til rådmannen om denne saka allereie til det møtet.