Hopp til innhold

Krev gjennomslag for fylkesoppløysing i regjering

Sentrale folk i Senterpartiet krev omkamp om dei nye fylka i eventuelle regjeringsforhandlingar neste år. – Vedum held grasrota for narr, svarer Høgre.

MOT REGIONREFORMA: F.v. Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum og partikollega Liv Signe Navarsete vil ha omkamp om fylkessamanslåing.

Foto: Vidar Ruud / NPK

– Det vil fungere veldig fint å reversere samanslåinga, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

1. januar i år vart 19 fylke redusert til 11 fylke, som ein del av regionreforma til regjeringa.

Senterpartiet har profilert seg som motstandar av regionreforma heilt sidan ho vart vedteke i 2017.

No varslar sentrale stemmer i partiet at dei nye storfylka må på bordet i eventuelle regjeringsforhandlingar med Arbeidarpartiet etter valet neste år.

Med krav om å løyse dei opp.

Bakgrunnen for kravet er den auka oppslutnaden for partiet. På TV 2 si nyaste måling er Senterpartiet det største partiet i landet.

LES OGSÅ: No vil kvar femte veljar ha Senterpartiet

– Det er eit absolutt krav at Troms og Finnmark vert skilt ut som eigne fylke att, seier leiar i Finnmark Senterparti, Geir Iversen.

– Ved eit regjeringsskifte, så skal det skje, legg han til.

Gruppeleiar i Viken Senterparti, Brita Skallerud, er like klar.

– Dette er ei veldig viktig sak for oss, og ved eit regjeringsskifte vil vi forvente at Viken fylke blir oppløyst, seier ho.

Arbeidarpartiet seier til NRK at også dei støttar kravet om å oppløyse fylka som har vorte slått saman med tvang. Dei stiller seg altså bak kravet frå grasrota i Senterpartiet.

Ønskjer folkerøysting i Sogn og Fjordane

Tidlegare i år vedtok Senterpartiet i Sogn og Fjordane at dei vil ha ei folkerøysting om å løyse opp Vestland fylke.

Nyvald førstekandidat Erling Sande stadfestar at kampen om regionreforma ikkje er over, og vil bli del av eventuelle regjeringsforhandlingar neste år.

– Folk må få vere med på å avgjere om dette betyr at vi skal vere Sogn og Fjordane eller Vestland i framtida. Det har ikkje folk her fått uttale seg om tidlegare. Eg meiner at Sogn og Fjordane er ei god løysing, seier han.

Hestetun, Askeland og Følling. Vestland fylkeskommune

FYLKESORDFØRARAR: Anne Gine Hestetun (Hordaland), Jon Askeland (Vestland) og Jenny Følling (Sogn og Fjordane) då nye Vestland fylke markerte samanslåinga i Håkonshallen i Bergen.

Foto: Hordaland Fylkeskommune / NPK

Høgre: – Vedum held grasrota for narr

– Eg trur dei eigentleg aksepterer at fylka no er slått saman, seier Ove Trellevik, som er kommunalpolitisk talsperson for Høgre.

Han viser til at Senterpartiet ikkje har sett av «ei einaste krone» i sitt alternative statsbudsjett til å reversere samanslåinga, og skuldar partiet for dobbeltkommunikasjon.

– Det kan verke som om Senterpartiet på Stortinget held Senterpartiet lokalt for narr i denne saka. Det kan nok godt hende det ender med at lokale Senterparti-folk blir skuffa, seier han.

Kommunalpolitisk talsperson i Senterpartiet Heidi Greni avviser dette.

– Senterpartiet garanterer at tvangssamanslåtte fylke blir oppløyst med oss i regjering. Sjølv Trellevik i Høgre må skjøne at dette ikkje kjem på budsjettet før neste år, seier Greni.