Krev fortgang på E134 Seljestad – Røldal
Stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp) er misnøgd med at tunnelarbeidet på E134 Seljestad–Røldal ikkje er starta opp. I eit skriftleg spørsmål til samferdselsministeren viser han til at det er eit «gryteferdig prosjekt» som er bra av fleire grunnar. – Ny tunnel vil spare 1.000 høgdemeter, gje betre framkome ved dårleg vær, korte ned vegen med over 6 kilometer og kutte reisetida for tyngre køyretøy med over 20 minutt, skriv Halleland mellom anna.