Hopp til innhold

Krev fokus på fosterheimsborn

- Det er heilt uakseptabelt at 180 fosterborn ikkje har ein heim. Det seier Krf-politikar Øyvind Håbrekke.

 

Aldri før har køen med fosterbarn vore lengre. I Sogn og Fjordane står fire born utan heim.

Håbrekke som er andre nestleiar i Familie -og kulturkomiteen på Stortinget etterlyser meir fokus og handlekraft frå regjeringa.

Barneminister Audun Lysbakken avviser kritikken. Han peikar på at dei har kampanjar for å skaffe nye familiar.