Hopp til innhold

NHO-Stang vil dele inn fylket i berre fire kommunar

Det er nok med fire kommunar i Sogn og Fjordane, og vi bør få ein stor Vestlandsregion. Det meiner NHO-direktør i fylket, Jan Atle Stang. Stang meiner dagens kommunar er til hinder for utviklinga.

Jan Atle Stang.

VIL KUTTE: Sjef for NHO i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang, vil kutte talet på kommunar frå 26 til fire.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

NHO-direktøren går radikalt til verks i sitt forslag. Fire storkommunar som så skal bli del av ein stor Vestlandsregion ut frå NHO-sin tankegang, og få nye oppgåver.

– Vi meiner at dagens struktur hindrar god og effektiv næringsutvikling. Det reduserer den lokale slagkrafta og det hindrar faktisk optimale tenester til innbyggjarane, meiner Stang.

NHO sitt forslag til fire kommunar

FORSLAGET: Slik ser NHO for seg at Sogn og Fjordane kan delast inn i framtida.

Foto: Skisse: NHO Sogn og Fjordane

Nye oppgåver

Får han og NHO det som dei vil skal det berre vere att fire, store kommunar her i fylket, i staden for dagens 26:

Kysten som ein kommune med Florø som senter, store deler av Sogn som ein med Sogndal som kommunesenter, ein kommune midt i fylket med Førde som «hovudstad» og ein i Nordfjord aust for Vågsøy med Eid som kjerne.

– Dei kommunane her som då vil få mellom 20.000 og 30.000 innbyggjarar vil kunne ta ein del av oppgåvene som både fylkeskommunen og ikkje minst Fylkesmannen har i dag, seier NHO-leiaren.

– Vil presse seg fram

Han syner mellom anna til dei store utfordringane dei mindre kommunane har med å skaffe tilstrekkeleg kompetanse inn i kommuneleiinga.

– Etterkvart som fråflyttinga aukar og det blir håplaust å få tak i administrativ kompetanse rundt om i kommunane, så vil dette her presse seg fram, meiner Stang.

Tvilar på frillig samanslåing

Han trur slett ikkje at alle dei 26 kommunane her i fylket vil godta nokon stor-samanslåing utan sverdslag.

– Då er spørsmålet om ein skal vente på at det blir gjort ei sentral overstyring eller om ein vil setje seg i førarsetet sjølv. Vi trur at det siste vil vere smartast, men vi tvilar vel på at det vil skje, sler Stang fast.