Hopp til innhold

Krev at Trine Frantzen-saka vert tatt opp att

Granskinga av Monika-saka vekkjer kampviljen til pårørande i andre kriminalsaker. Søstera til Trine Frantzen som forsvann for ti år sidan, krev no at politiet tek opp igjen jakta på det ho meiner er ein drapsmann som går fri.

Trine Frantzen

FORSVANN: Trine Frantzen forsvann i 2004. Etterforskinga som vart sett i gang i forbindelse med Os-drapet i 2012 vart etter kvart trappa ned.

Foto: Scanpix/NRK

– No kjem eg til å ta opp att saka, og slå i bordet. Eg veit kven som har tatt ho. Eg veit han har skada ho med døden til følge, men han går fri, seier Mona Indrevær.

– Det er mange som har forsvunne, og kvar er etterforskinga i desse sakene, spør ho.

Måndag for to veker starta det som førte til massiv kritikk mot politiet i Hordaland. Då vart ein 32-åring pågripen, sikta for drapet på 8 år gamle Monika i Sund for tre år sidan.

– Eg synst det er tragisk det som har komme opp no. Det har gått for lang tid, og eg synst det har vore ei veldig slapp etterforsking, politiet kjem for seint inn på banen, seier Indrevær.

– Det er ein tragedie

Trine Frantzen vart meldt sakna i mai 2004, og familien hennar meinte politiet ikkje tok saka alvorleg nok.

Etter tre månader vart det sett i gang drapsetterforsking. To personar vart sikta, men i 2008 vart saka mot dei lagt bort grunna manglande bevis.

– Politiet var altfor seint inne med etterforskinga, og dermed vert spor sletta, seier Mona Indrevær.

Ho er skråsikker på at søstera hennar Trine Frantzen er drepen og blir framleis halden skjult. Nok ein politifeil, meiner ho.

– Politiet har innrømt ein stor feil i rapporten om Trine, og det har dei også gått ut og sagt om Monika-saka no, og eg synst det er ein tragedie at det skal vera på den måten, seier Mona Indrevær.

– Vanskeleg å vera ueinig

Ole Bjørn Mevatne

TRULEG DRAP: Politiadvokat i Hordaland politidistrikt Ole Bjørn Mevatne, seier det er høgst sannsynleg at Trine Frantzen er drepen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Politiadvokat i Hordaland politidistrikt Ole Bjørn Mevatne poengterer at forsvinningssaka til Trine Frantzen aldri er lagt vekk, men han trur også Trine Frantzen vart drepen.

– Det er vanskeleg å vera ueinig med dei pårørande i det, seier politiadvokat Ole Bjørn Mevatne.

Han poengterer at politiet seinast i sommar etterforska tips i saka.

– I og med at me ikkje har funne Trine Frantzen så er det vanskeleg å seie hundre prosent at dette er ei drapssak, men det er høgst sannsynleg, seier politiadvokat Mevatne.