– Tenk om alle tak i Bergen hadde hatt dette her. Då hadde me klart oss med mykje mindre straum. Miljøengasjementet går hand i hand med lommeboka, seier Erik Hanøy.
Førre veke installerte han solceller på taket sitt, og ser fram til ei lågare straumrekning i åra som kjem.
NØGD: Erik Hanøy sjekkar anlegget sitt som han nettopp har fått installert.
Foto: Leif Rune Løland / NRKKutta støtta
Det statlege selskapet Enova gir pengestøtte til privatpersonars tiltak for energisparing og rein energi, til dømes frå sol. Men i år er det maksimale støttebeløpet redusert med 2.500 kroner til 26.250 kroner, fordi anlegga har blitt billigare og etterspurnaden større.
– Me støttar dei som går føre og gjer det først, sånn at kostnadane på sikt går ned. Når det blir litt billegare for forbrukarane, er det på tide for staten å trekke ut støtta, seier Anna Barnwell, marknadssjef i Enova.
Men at støtta til privatpersonar blir mindre, syns Sosialistisk Venstreparti (SV) lite om i ei tid der straumprisane er høge og verda treng fornybar energi.
VIL HA MEIR TIL SOLCELLER: Lars Haltbrekken i SV.
Foto: Jenny-Krihke Dragsten Bendiksen / NRK– Det er meiningslaust. Ei satsing på solceller er utruleg viktig både for å skaffe fornybar energi og bidra til å halde folks straumrekningar nede, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV).
Forventar at regjeringa følgjer opp
SV ønskjer å auke støtta til solcelleutbygging i private hushaldningar. Senterpartiet er klåre på det i sitt
.No forventar Haltbrekken at regjeringspartia følgjer opp. Han viser til at då Stortinget i vår behandla Solberg-regjeringa sin klimaplan, la SV, Ap, Sp og MDG saman fram eit forslag om at regjeringa skulle «auke støtta til solcelleanlegg og legge betre til rette for produksjon av solcelleanlegg i Noreg».
– Vi forventar at Ap/Sp-regjeringa legg fram eit slikt forslag når dei legg fram sin tilleggsproposisjon til statsbudsjettet for 2022.
Enova har som generell retningslinje at når tiltak blir tilstrekkeleg populære, skal staten trappe ned støtteordningane.
– Det trengst eit krafttak for å hjelpe hushaldningane. Og så er det slik at folk med dårleg råd har dårlege moglegheiter for å etablere solceller på taka sine. Derfor meiner vi at Enova må behalde støtta, og at meir av støtta må gå til familiar med dårleg råd, seier Haltbrekken.
INGEN KONKRETE LOVNADER: Aleksander Øren Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet.
Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRKMen statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet kan ikkje koma med noko konkret lovnad om auka støtte.
– Vi kjem til å prøve å få til betre støtteordningar, og så kan eg ikkje vere meir konkret i dag. Det må vi kome tilbake til.