Hopp til innhold

Krev at Noreg tek i mot flyktningar frå Hellas

Byråd i Bergen er frustrert over at statsministeren ikkje vil ta i mot flyktningar frå grensa mellom Tyrkia og Hellas. Tysdag evakuerer norske frivillige seg ut av området.

Distribusjoner, flyktningleir Hellas, Chios

EVAKUERER: Fleire norske hjelpearbeidarar har tysdag bestemd seg for å reisa heim.

Foto: Michael Pavlasek

Dei siste dagane har titusenvis av flyktningar og migrantar kryssa grensa mellom Tyrkia og Hellas, etter at Tyrkia letta på grensekontrollen mot EU.

Ifølge tyrkiske styresmakter er det snakk om over 18.000 migrantar som har tatt seg over grensa sidan førre torsdag.

Statsminister Erna Solberg (H) åtvara måndag mot å tru at løysinga er å få flest mogleg til Noreg.

– Det er ikkje desperate flyktningar som står på grensa mellom Tyrkia og Hellas no, sa Solberg til Politisk kvarter i NRK.

Ber om at Noreg tar i mot fleire

Byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen, Katrine Nødtvedt (MDG), er frustrert over at statsministeren ikkje ynskjer å ta i mot flyktningar.

– Det er veldig bra at Noreg bidrar i nærområda, men vi bør gjera begge delar. Det er ingen grunn til å ikkje ta i mot det vi har kapasitet til. I Bergen har vi fagfolk, kompetanse og kapasitet til å ta i mot fleire, seier Nødtvedt.

Byråd for kultur, likestilling og mangfold, Katrine Nødtvedt (MDG)

FRUSTRERT: Byråd for kultur, mangfald og likestilling i Bergen, Katrine Nødtvedt (MDG), er frustrert over at statsministeren ikkje ynskjer å ta i mot flyktningar.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK Hordaland

Framstegspartiet fryktar ein ny straum av migrantar og flyktningar, som i 2015–2016. Partiet fremja måndag fleire forslag i Stortinget for å hindra at flyktningar og migrantar som har opphalde seg i Tyrkia, kjem til Noreg.

– Mange i Noreg trur dei er lykkejegerar som ynskjer å okkupera Europa, men dei eg snakkar med vil berre heim, seier Janne Hegna til NRK.

I 2018 starta ho den frivillige organisasjonen Iris Center på den greske øya Chios for å hjelpe flyktningar.

– Det er ein uløyseleg situasjon. Det er krig i heimlanda Syria, Afghanistan og Somalia så flyktningane har ikkje noko å komma heim til.

Norske frivillige evakuerer

Hellas er bekymra for at straumen av migrantar vil bety mange fleire flyktningar til allereie overfylte flyktningleirar.

Dette har allereie skapt uro. Blant anna blei lageret til ei av hjelpeorganisasjonane brent ned i natt.

No har fleire norske hjelpearbeidarar bestemd seg for å reisa heim.

Ida Johanne Aadland er ein av dei. Saman med tre andre frå sitt team, reiser ho til Athen i kveld. I morgon flyr dei heim til Noreg.

– Vi føler det tryggaste no er å reise heim. Det har aldri vore så valdeleg som no.

Lagerbygning brent ned Chios, Hellas, flyktningleir, hjelpearbeidere

BRENT NED: Lageret til ein av hjelpeorganisasjonane blei brent ned natt til tysdag.

Foto: Andrea Hoff Haga

Aadland fortel at uroa skyldast den opne grensa mellom Tyrkia og Hellas, samt lukka leirar som regjeringa i Hellas vil bygge. Noko lokalbefolkninga har reagert kraftig på.

– Lokalbefolkninga har prøvd å demonstrere fredeleg, men da det førre veke blei sendt ut demonstrasjonspoliti sprakk det.

Fleire av hjelpearbeidarane har blitt truga, og mange har fått husveggane sine tagga med setningar om at dei ikkje er velkomne.

– Nokon hadde også observert oss på ein restaurant, og gjennom Facebook oppfordra dei folk til å dra dit for å slå oss, seier Aadland.

Teamet hennar er på seks frivillige. I morgon blir dei meir enn halvert.

– Vi kan uansett ikkje jobbe no. Ingen frivillige organisasjonar kjem opp i leiren, da dei har stengd vegen.

Ho fortel at dei skal tilbake igjen når dei kan jobba igjen.

– Vi kan jo håpe at det roar seg.