Hopp til innhold

Krev 1,2 milliardar av Citigroup

Terra-kommunane går til milliardsøksmål.

Terra-ordførere i møte med kommunalministeren 12.februar 2008.

Terra-ordførarane vil no ha att det kommunane tapte.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Marta Finden Halset

Ordførar i Vik Marta Finden Halset

Foto: Sindre Løkstad / NRK

Konkursbuet etter Terra Securities saksøkjer saman med sju av Terra-kommunane den amerikanske finansgiganten Citigroup for over 200 millioner dollar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bubestyrar for konkursbuet, advokat Jon Skjørshammer hos advokatfirmaet Selmer, opplyser om dette i ei pressemelding i dag.

Kommunane som er med på søksmålet, er Vik og Bremanger, Hattfjelldal, Hemnes, Kvinesdal, Narvik og Rana.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Dei vil ha erstatning for selskapsaksjonæran sitt konkurstap og kommunane sine investeringstap.