Hopp til innhold

Krematorium får lov å kremera fleire under koronapandemien

ODDA (NRK): Kapasiteten ved norske krematorium kan nesten doblast under koronautbrotet. I Hardanger har dei allereie fått lov til å kremera fleire enn normalt om det skulle bli aktuelt.

Liv Eirill Evensen kirkeverge i Ullensvang

FEKK DISPENSASJON: Kyrkjeverje Liv Eirill Evensen i Ullensvang kyrkjelege fellesråd fekk rask respons då ho søkte fylkesmannen om lov til å auka talet på kremasjonar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Krematoriet på Berjaflot i Odda er eitt av to i Vestland og handterer kremasjonar frå kommunane i Hardanger og Haugesund kyrkjelege fellesrådsområde.

Til vanleg har krematoriet lov å kremera opptil 200 personar i året.

Men no har Fylkesmannen i Vestland gitt krematoriet lov til å utføra opptil 270 kremasjonar årleg, som ei førebuing på at mange eldre kan kome til å døy på kort tid under koronapandemien.

– Grunna den uavklarte situasjonen vi er inne i, og som vi ikkje kjenner omfanget av, må vi vere i beredskap til signala om at det kan koma ei auke i talet på folk som døyr i befolkninga, seier kyrkjeverje Liv Eirill Evensen i Ullensvang kyrkjelege fellesråd.

Kan auke kapasiteten til 32.000

I Noreg finst det i alt 25 krematorium kor det i gjennomsnitt blir kremert rundt 18.000 personar i året.

Strenge miljøkrav for å hindre utslepp av støv og miljøgifter gjer at det i ein normalsituasjon er avgrensingar på kor mange dei kan kremera.

Krematoria i Noreg har til saman kapasitet til om lag 24.000 kremasjonar per år innanfor den ordinære arbeidstida til dei tilsette, det vil seie utan at dei tilsette må arbeide på kvelden eller skrive overtid. Men omnane har teknisk sett høgare kapasitet, ifølge regjeringen.

Tal frå 2013 viser at omnane kapasitet til å kremere om lag 32.000 personar i året i Norge.

For å hindra smitte er det også innført nye reglar for gjennomføring av gravferdsseremoniar, kor det no berre er lov å ha maksimalt 50 personar til stades.

Kyrkjegard Odda

KAN BLI FÆRRE GRAVLEGGINGAR: Ullensvang kommune har signalisert at det i ein krisesituasjon ikkje kan påreknast at kommunen kan stilla med beredskapshjelp til kistegraving.

Foto: Tale Hauso / NRK

Trur ikkje på ekstremsituasjon

Det er mandag ikkje registrert smittetilfelle av korona i Ullensvang. Randi Moskvil Letmolie jobbar i Arbeidsgjevarorganisasjonen for kristelege verksemder.

Ho seier det ikkje er utenkeleg at talet på kremasjonar vil auke framover.

– Men dette avheng så klart av kor mange som kjem til å døy.

Krematorium i Odda
Foto: Tale Hauso / NRK

Det er opp til kvar enkelt krematorium å vurdere når dei må auke kapasiteten. Da må dei søkje dispensasjon frå Fylkesmannen.

Ifølge Letmolie har dei norske krematoria per no kapasitet til å betena ei mogleg auke.

Ho trur likevel ikkje det er grunn til å frykta ein situasjon der folk ikkje kan velja om dei vil bli kremert eller gravlagt.

– Då trur eg vi snakkar om ein ekstremsituasjon. Eg trur ikkje vi vil koma der i overskodeleg framtid ut frå dei tala vi ser i dag, seier Letmolie.

Ho får støtte av statssekretær Jorunn Hallaråker Heggelund (KrF) som seier i ein kommentar at ho ikkje trur det blir naudsynt for kyrkjene å setta i gong store tiltak lokalt.

Sjølv om krematoriet i Ullensvang er godt førebudd på det som kjem, er kyrkjeverja i Ullensvang uroa for at dei ikkje skal kunne gjennomføra like mange kistegravleggingar som dei er vant til.

– Slik det ser ut no kan det ligga an til at fleire må velja kremasjon i ei tid der det døyr fleire, seier kyrkjeverja.