Vollstad fekk diagnosen leukemi i fjor. For to veker sidan fekk ho beskjed om at kreften er tilbake. Frå tidlegare veit ho at ho treng å ha kjærasten nær seg.
– Han fekk meg til å le når alt anna var svart, vondt og smertefullt. Han fekk meg til å gløyme at eg var pasient, seier Vollstad.
42-åringen bur i Sykkylven på Sunnmøre, og skal gjennomgå transplantasjon på Haukeland universitetssjukehus sju timar unna. Dei dekker ikkje pasienthotell for sambuaren.
Eit opphald kan koste 800 kroner per natt. Sjølv har dei ikkje råd til å betale opphaldet, som er venta å vare opp mot to månadar.
– Er det meininga at eg skal ligge der inne og vere redd for å døy i to månadar, heilt aleine? Eller skal folk gå konkurs for å betale seg inn på hotell?
Bad om hjelp
Vollstad tok i bruk Facebook, og bad om hjelp. Bønna var ein hybel i nærleiken av sjukehuset.
«Standard er ikke så nøye så lenge den har en seng og dusj/toalett», skriv ho.
Og folk har svart. No har ho fått ein rekkje utleigetilbod å velje mellom. Mellom anna svarer ein Facebook-brukar at ho kan tilby gjesterommet sitt.
– Det gir litt ekstra styrke og pågangsmot at det sit mange ute og sender meg ei tanke, seier ho.
Blir ikkje dekka
På Helse Bergen sine nettsider står det at pårørande «kan vere med og bu saman med pasienten for å gjere sjukehusopphaldet betre og tryggare», men at det er behandlande lege eller avdeling som avgjer om opphaldet blir dekka.
Helse Bergen har ikkje hatt høve til å kommentera denne saka fredag, men seier generelt at der er klare reglar for når pårørande kan få dekka opphald i samband med sjukehusbehandling og kva vurderingar som kan liggja til grunn.
Vollstad synest at det er ein ekstra påkjenning når dei ikkje får dekka utgiftene.
– Dette er ikkje den vanlege mannen i gata si oppgåve. Det er styresmaktene som skal stille opp, ikkje vi som skal kave med det, seier Vollstad.