Hopp til innhold

Kreftframkallande stoff i drikkevatn

Det kreftframkallande stoffet PCB er påvist i eit vassbasseng i Sløvåg. Vassbassenget har vore nytta som drikkevatn av tre husstandar. Folkehelsa åtvarar no mot å drikke eller å bruke vatnet.

Sløvåg

Det er usikkert om PCB-funnet i Sløvåg stammar frå Vest Tank.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Vi veit at desse stoffa kan vere helseskadeleg. Så vi anbefalar å ikkje drikke det, for å vere på den sikre sida.

Det seier Avdelingsdirektør i Norsk Vatn i Folkehelseinstituttet, Truls Krogh.

Overraskande funn

Verken EU eller Norge har sett ein nedre grenseverdi for kor mykje PCB som kan tolererast. Det er fordi dei ikkje reknar det som sannsynleg å finne stoffet i drikkevatn. Krogh innrømmer at han er overraska over funnet:

– Vi er ikkje forberedt på at stoffet kunne finnast i noko drikkevatn i slike mengder. Det er forbausande.

Bekymra

Det er over to år sidan Vest Tank ulukka i Gulen. Innbyggarane i Sløvåg er bekymra for langstidsverknadane. Hans Ringereide fekk for 14 dagar sidan beskjeden om at drikkevatnet hans inneheldt det kreftframkallande stoffet PCB.

– Det er jo ein skandale. Det er trist at vi ikkje har fått vite noko før no. Eg syns det må gjerast noko for å få fart i den saka, og få greie på korleis dette har seg, seier han.

Uvisst om det er frå Vest Tank

Det er også påvist ei kraftig auke av PCB i to tjern i fabrikkområdet.
Men ifølge rapporten frå Statens forureiningstilsyn er det uvisst om stoffet stammar frå Vest-Tank eksplosjonen. Ordførar i Gulen, Trude Brosvik, vil til botn i kva som er årsaka.

– PCB skal ikkje vere i drikkevatn. Derfor bør ein gå vidare og finne ut om dette er ei ureiningskjelde som har vore, eller om det er noko som skjer framleis. Det er det allereie i gang eit arbeid på.