Barnevaksinasjonsprogrammet gjekk nyleg over til vaksinen Cervarix etter ein anbodsrunde, og vaksinar av merket Gardasil skal difor ut av bruk.
Berre i Bergen vart det funne over 150 vaksinar, og kommunen valde difor å tilby desse til kvinner i rusmiljøet.
Det fell ikkje i god jord hos Folkehelseinstituttet, som sette ned foten.
– Desse vaksinane er kjøpte inn til barnevaksinasjonsprogrammet og må kastast om dei ikkje vert brukte til det, seier Britt Wolden i FHI.
Kreftforeningen sjokkert
FORSTÅR FRUSTRASJONEN: Britt Wolden i FHI seier ho forstår reaksjonane, men at dei må rette seg etter lova.
Ifølgje FHI må vaksinane, som opphavleg vart brukte for å vaksinere jenter på 7. trinn, destruerast.
– Eg skjønar at ein vil prøve å få maksimal nytte av vaksinane, men vi må rette oss etter reglane som gjeld. Dette er lover og forskrifter, og dei følger vi, seier Wolden.
Det får Kreftforeningen til å rase.
– Det strir mot all sunn fornuft. Dette er verksame vaksinar som kan redde liv. Det er hårreisande at dei skal kastast i søpla i staden for å bli gitt til kvinner som treng dei, seier generalsekretær i Kreftforeningen, Anne Lise Ryel.
Får medhald frå fleire
INITIATIVTAKAR: Ruth Marie Donovan starta prosjektet med å gje vaksinene til rusavhengige kvinner og fekk støtte frå Bergen kommune.
Foto: Elise Angell / NRKRuth Marie Donovan ved Høgskulen på Vestlandet, som tok initiativ til å dele ut vaksinane til rusavhengige kvinner, synest meldinga frå FHI er nedslåande.
– Det er veldig synd å destruere vaksinar heller enn å gje dei til kvinner som lever i rus. Den gruppa er meir utsett for å få livmorhalskreft, seier ho.
Ho får medhald frå partileiar i SV, Audun Lysbakken.
– Det gir inga som helst meining og kaste fullt brukelege vaksinar. Bergen kommune har ein god plan. Desse kan bli gitt til dei som verkeleg har behov for å kunne få gratis og god hjelp frå helsevesenet. Ein må prøve å få til ei løysing før vaksinane går ut på dato, seier han.
Vil sjå på saka
No kjem Ryel i Kreftforeningen med ei klar oppfordring til eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp).
FOLKEHELSEMINISTER: Åse Michaelsen (Frp) lovar at ho vil prøve å finne ei løysing for vaksinane.
Foto: Andreas Sundby / NRK– Ho må ta grep og syte for at vaksinane blir gitt til nokon som treng dei. Det er heilt absurd å kaste dei. Dette er vaksinar som kan redde liv, seier ho.
Og statsråden sjølv lovar at ho vil sjå på moglege løysingar for vaksinane.
– Eg skjønar godt frustrasjonen. Eg vil sjå om vi kan gi vaksinane som er til overs til grupper som er særleg utsette, og eg vil kome med ein konklusjon i god tid før desse går ut på dato, seier Michaelsen.