Det er venta ein sterk vekst i kreft-tilfelle, og sjukehuset treng større plass og breiare kompetanse om ein skal behalde dei gamle behandlingstilboda i tillegg til å få nye.
Dårlegare tilbod
Sande Rygg seier pasient-tilbodet kjem til å bli dårlegare om ein ikkje bygger ut i Førde, fordi pasientane då må reise til andre helse-føretak for å få den behandlinga dei treng.
I førre veke var avdelingsleiar ved kreftavdelinga ved Haukeland sjukehus, Stener Kvinnsland, på vitjing i Førde. Han ga klar beskjed om at det vert vanskeleg å forsvare behandling av mellom anna brystkreft, om ikkje ein styrker og bygger ut avdelinga i Førde.
Må spare
Det er venta ein auke i kreft-tilfelle på oppimot 40 prosent i løpet av dei neste 20 åra, og det trengs fleire fagfolk og meir areal til behandling. Men med Helse Førde sine enorme innsparingskrav kan den planlagde utbygginga av sentralsjukehuset bli kutta. Då kan også kreftbehandlinga bli flytta.
Helse Førde kjempar no for å finne pengar til ei utbygging, og Sande Rygg seier dette er ei viktig sak for sjukehuset og for fylket.