Hopp til innhold

Enkemann: – Om sjåføren får si straff eller ikkje, så hjelper ikkje det oss

SOGN OG FJORDANE TINGRETT (NRK): Aktor krev 18 månadar fengsel for mannen (55) som tiltalt for bildrapa i Kjølsdalen. Dei etterlatne krev at sjåføren står opp og tek ansvar for at han var rusa.

Teikning frå rettsalen.

PÅRØRANDE: F.v. Jan Kåre Sæthre, bistandsadvokat Paul-Inge Angelshaug, Steffen Sundal, Stine Lise Sundal og bistandsadvokat Ann Mari Bjørlo.

Illustrasjon: Charlotte May Rintler

– Eg kan ikkje ta inn over meg korleis det går med gjerningsmannen etter ulukka. No må han ta konsekvensen av handlinga, sa Jan Kåre Sæthre (63) då han forklarte seg for tingretten torsdag.

Ein 55 år gamal mann har denne veka møtt i retten, tiltalt for aktlaust bildrap etter at bilen hans køyrde av vegen og trefte venninnene Anne Elise Sæthre (63) og Marit Johanne Røed Sundal (57).

Jan Kåre Sæthre var heime saman med dei tre vaksne sønene 3. juledag 2018.

Så såg han meldinga om at det hadde skjedd ei alvorleg ulukke ved avkøyringa til Kjølsdalen på riksveg 15.

Var gift i over 40 år

– Eg prøvde å ringe Anne, for eg visste at ho måtte vere i det området. Eg blei heilt iskald og eg fekk ei forferdeleg kjensle i kroppen, sa Sæthre.

Saman med ein nabo, køyrde han ned til ulukkesstaden.

– Eg kom på plassen og fekk snakke med politiet. Eg såg bilen og at det låg noko framfor og det var det. Eg blei sint og fortvila, heilt iskald, men veldig realistisk og praktisk.

Han og kona var gift i mange år og hadde planlagt kva dei skulle gjere når dei blei pensjonistar i 2020. Men slik gjekk det ikkje.

– Det er heilt absurd at eit 43 års samliv skulle bli avslutta på denne måten.

Teikning frå rettsalen.

NEKTAR SKULD: F.v. Den tiltalte 55-åringen frå Nordfjord og forsvarar Oscar Ihlebæk.

Illustrasjon: Charlotte May Rintler

– Vil aldri bli gløymd

Jan Kåre Sæthre har følgd kvart minutt av rettssaka denne veka. Han har notert undervegs og brukte det han har skrive då han sjølv tok vitneboksen.

– Det er viktig at retten gir oss etterlatne naudsynt tid. Dette er skrive med mine eigne ord utan støtte, sa Sæthre utan å vike blikket til dommar Gunnhild Grove.

Den tiltalte såg ned i fanget då Sæthre forklarte seg.

I rettssal 6 i Sogn og Fjordane tingrett var stemninga trykka og prega av sorg blant dei andre pårørande.

Mange av dei har følgt saka heile veka.

– Om sjåføren får si straff eller ikkje, så hjelper ikkje det oss. Ho vil aldri bli gløymt, sa Sæthre.

Statsadvokat Kristine Herrebrøden krev 18 månader i fengsel for den 55 år gamle nordfjordingen. Han må dømmast for to aktlause bildrap og køyring i rusa tilstand, meiner ho.

Forsvarar Oscar Ihlebæk meiner derimot at mannen må frifinnast.

Ulukka ved Kjølsdalen i romjula 2018

ÅSTADEN: Den tiltalte mista kontrollen over den gamle Passaten og køyrde på dei to kvinnene på gangvegen langs riksveg 15.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Uerstatteleg

Dei to borna til den andre avdøde, Marit Johanne Røed Sundal, sat torsdag saman med bistandsadvokaten sin.

Eldstemann, Steffen Sundal (27), valde å ta ordet på vegner av seg og søstera.

– Mamma var inkluderande, omsorgsfull, snill, lærte oss veldig mykje. Ho er uerstatteleg for oss, sa Sundal.

Han fortalde om ei mor som alltid stilte opp for dei og at dei no må fylle eit stort tomrom. Sundal synte til det søstera hadde lagt ut på Instagram på morsdagen i år.

– Ho skreiv at for meg er det morsdag kvar dag, sa han til retten.

Bistandsadvokatane har kravd at kvar av borna til dei avdøde skal få 200.000 kroner i oppreisning. Det same gjeld enkemannen og mor til Anne Sæthre.