Hopp til innhold

Rungande krav om utbetring av Bergensbanen

Eit samla Bergen bystyre meiner jernbana har vore stemoderleg behandla. Krev kortare reisetid på Bergensbanen.

Bergensbanen

UNDERPRIORITERT: Eit samla bystyre i Bergen meiner at jernbaneutbygging har vore underprioritert. Men bystyrefleirtalet er uklare på om dei vil prioritera bane før veg.

Foto: Rune Fossum, NSB

Julie Andersland

KRITISK: Julie Andersland frå Venstre meiner Regjeringa har svikta Bergensbanen.

Foto: NRK

Bystyret i Bergen støtta onsdag samrøystes eit opprop om å krevja raskare reisetid for Bergensbanen, og at intercitytriangelet i Oslo-området ikkje skal stikka av med alle jernbanekronene dei kommande åra.

Utgangspunktet for debatten var ei oppfordring frå SV om ei satsing på Vossebanen, første etappe av Bergensbanen mellom Bergen og Voss.

Likevel oppheita debatt

Sjølv om det til slutt var rørande semje i bystyresalen vart det likevel ein frisk debatt blant representantane.

Heidi R. Lindebotten frå regjeringspartiet Ap var frampå og forsvarte Regjeringa.

– Det skjer positive ting. Dobbeltspor gjennom Ulriken, opprusting av strekninga Bergen–Fløen og fleire nye kryssingsspor er noko av det som er starta opp, sa Lindebotten, som viste til at regjeringa har løyva 50 millionar til oppstart av dobbelspor mellom Bergen og Arna i Statsbudsjettet for 2013.

Julie Andersland frå Venstre er ikkje like begeistra over innsatsen til dei raudgrøne.

– Eg vil minna om at Venstre løyva 125 millionar meir til dobbeltsporet gjennom Ulriken og 25 millionar til planlegging av Vossebanen, så me har i alle fall gjort meir enn regjeringa, sa Venstre sin gruppeleiar.

Kritisk til SV

Eiler Macody Lund frå Framstegspartiet stilte spørsmål ved kor mykje forslagsstillar SV eigentleg prioriterer jernbane.

– For 20 år sidan lova SV oss Ringeriksbanen. No har SV sete i regjering i åtte år utan å ha gjort nokon ting for å løfte Bergensbanen. No når det faktisk er fullt fokus på Bergensbanen så er dei plutseleg på bana og skal dele på det Høgre, Framstegspartiet og opposisjonen har vore pådrivarar for i lang tid, sa Macody Lund.

– Det er heilt avgjerande at me får oppgradert Bergensbanen, og når til og med Frp meiner det, kan me vera samde om det, repliserte Andersland frå Venstre syrleg.

– Frp veit veldig godt at me har kjempa for Ringeriksbanen i 20 år, det var SV som foreslo det. Må jo minna forsamlinga på at Frp den gong røysta imot, sa Lillian Blom frå SV.

Fjerna regjeringskritikk

Uansett debatt om kva som er gjort og ikkje gjort, heile bystyret slutta seg til Dag Skansen frå Høgre sitt alternative forslag om ei oppfordring om å rusta opp heile Bergensbanen.

Rett nok etter å ha fjerna nokre kritiske merknader om innsatsen til Regjeringa.

– For å få eit rungande fleirtal har eg byta ut at Bergen bystyre beklagar, med at bergensbanen ikkje har vorte høgt nok prioritert. Då kan me kanskje få full semje. Det ville jo vera rørande, sa Skansen.

Mange NTP-krav

Fram mot Nasjonal transportplan, som vert lagt fram i april, vert det stilt ei rekkje krav frå Hordaland og Vestlandet.

Ferjefri E39, statleg finansiering av Bybanen i Bergen, nytt fastlandssamband mellom Bergen og Sotra kjempar med Bergensbanen om merksemda.

I det opphavlege forslaget frå SV vart det stilt krav om at Bergensbanen og Bybanen skulle prioriterast framfor andre prosjekt. Denne formuleringa var luka ut av forslaget som vart vedteke samrøystes.

– Derfor reiser me likevel forslaget vårt, sa Tina Aasgård frå SV, før forslaget som gjekk inn for å prioritera bane før veg vart røysta ned.