Hopp til innhold

Vindkraftstopp kan gi enorme søksmål

Medan gravemaskinene tar seg fram vurderer regjeringa om kontroversielle vindkraftverk kan stoppast. Vindkraftbransjen trur på svært store søksmål.

Utbygging av Okla vindkraftverk

BYGGESTART: Gravinga til vindkraftverket på Stadlandet er i full gang.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det hastar veldig å få ei avgjersle, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV).

Fagfolk åtvara, men vart ikkje høyrde då ein konsulentrapport nedgraderte verdien av naturen på Stad.

Medan fagfolk i 2005 gav naturen «Stor til middels verdi», fekk det same området «Middels til liten verdi» i 2013. Naturen hadde ikkje endra seg, men den siste rapporten var laga av eit anna konsulentfirma.

Fylkesmannen varsla om fleire alvorlege faktafeil i den siste rapporten, men NVE og Olje- og energidepartementet gav likevel konsesjon til vindkraftverket.

– Dette er svært alvorleg, her har ein lagt til grunn ein rapport som til dei grader undervurderer naturverdiane på Stadlandet, samstundes som ein har visst om ein rapport som seier noko heilt anna, seier Haltbrekken.

Vurderer å trekke konsesjonen tilbake

I sommar bestemte Stortinget seg for at alle tildelte vindkraftkonsesjonar som ikkje har hatt byggestart skal vurderast på nytt.

Dette gjeld også Okla vindkraftverk på Stadlandet som hadde byggestart i slutten av august.

Haltbrekken forventar at Olje- og energiminister Tina Bru (H) no legg til grunn at naturen på Stadlandet er svært verdifull, og får støtte frå Frp.

– Det er i nettopp for saker som på Stadlandet at Stortinget har bedt om ein gjennomgang, seier Terje Halleland (Frp) som sit i Energi- og miljøkomiteen.

Han meiner sakshandsaminga verkar rar. Frp har lenge vore skeptiske til konsesjonssystemet.

– Det er all grunn til å stille spørsmål om det er gitt konsesjon på rett grunnlag. Eg forventar at departementet grip inn i dei sakene som er gitt på feil eller dårleg grunnlag.

NVE har tidlegare sagt til NRK at dei har brukt begge konsekvensutgreiingane i si handsaming, og at dei har sett på fordeler og ulemper ved utbygginga. I tillegg sa dei ja fordi kommunen hadde ei svært positiv haldning.

STADLANDET: Stadlandet ligg ytst i Nordfjord i Vestland fylke.

Lokalpolitikarar: Ville stemt nei i dag

Selje kommunestyre bestemte i desember 2008 å seie ja til vindkraftverket. Vedtaket gjekk gjennom med seksten mot ei røyst.

NRK har spurt alle representantane kva dei ville ha svart i dag. 11 har snudd frå ja til nei, to ville framleis stemt ja, medan ein er usikker. To vil ikkje svare. Marita Aarvik, tidlegare Frp-politikar, som stemte mot, er framleis mot.

Gunn Sande (Sp) seier synet på vindkraft har endra seg i lokalsamfunnet.

– Då vi sa ja vart vindkraft sett på som miljøvenleg og framtidsretta. Kommunen var også i ein trong økonomisk situasjon, og vindkraftverket skulle gi pengar i kassa. Eg ville ha tenkt meg grundig om i dag, for å seie det slik.

Gunn Sande

SKEPTISK: Gunn Sande (Sp) sa ja til vindkraft i 2008, no er ho skeptisk.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Samstundes godkjente nyleg Stad kommune med knapt fleirtal reguleringsplanen for vegen til vindkraftverket.

Sande seier det handlar om å stå for det ein har vedteke tidlegare.

– Det blir useriøst om vi etter å ha sagt ja ikkje skal rette oss til lovlege inngåtte avtaler, seier ho.

Lokalpolitikaren meiner regjeringa må stramme kraftig inn på tidsbruken frå ein konsesjon er gitt til byggestart.

– Det som var viktig i 2008 er noko heilt anna enn i 2020, meiner Sande.

Vegen til Årvik på Stadlandet

OKLA: Det er i fjella i bakgrunnen at vindkraftverket med fem turbinar skal kome.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Trur på gigantsøksmål

Olje- og energiminister Tina Bru (H) skriv i ein e-post at dei er i gang med å følgje opp Stortinget sitt vedtak om konsesjonar er gitt i tråd med lovverket.

Men vindkraftbransjen sin organisasjon Norwea meiner vindkraftverket på Stad ikkje skal stansast.

Spesialrådgjevar Andreas Thon Aasheim seier styresmaktene gjorde ein grundig jobb då utbygginga fekk konsesjon.

– Dette er ikkje reknestykke med to strekar under svaret, det er menneskelege vurderingar som ligg til grunn.

Thon Aasheim trur det kan bli enorme søksmål om utbyggarar blir stansa.

– Det blir berre spekulasjonar frå mi side, men for eit vindkraftverk som Okla snakkar vi om investeringar og inngåtte kontraktar på 200 millionar kroner, minst.

– Stolar på styresmaktene

Scott Gilbert, som er dagleg leiar i det italienske eigde selskapet Falck Renewables Vind AS, seier dei stolar på at styresmaktene sine vedtak står fast.

– Vi steller oss til norsk lovverk. Vi har ein gyldig konsesjon for å bygge og drive eit vindkraftverk.

Gilbert viser til at seinast i juni i år vart dei siste planane godkjent av Olje- og energidepartementet, og forsvarar at dei starta gravearbeidet etter Stortinget sitt vedtak.

– Vi har alle løyver som trengst for å starte arbeidet. Vi har tillit til at vi kan halde fram under føreseielege rammer.