Hopp til innhold

Krass kritikk mot Kunstmuseet

Sogn og Fjordane Kunstmuseum får hard kritikk for måten dei driv Anders Svor-museet i Hornindal.

Svormuséet på Grodås

NEDGOGN: Tidlegare styreleiar i Svor-museet, Ola P. Svor, rettar hard kritikk mot Sogn og Fjordane Kunstmuseum for drifta av museet i Hornindal.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Besøkstala ved museet har stupt frå knapt 2 000 til 500 besøkjande, sidan Kunstmuseet tok over drifta i 2004.

– Sogn og Fjordane har nesten ingen aktiv dialog for å marknadsføre museet, seier tidlegare styreleiar ved museet, Ola P. Svor.

Etterlyser kompetanse

Anders Svor frå Hornindal er ein av landets mest anerkjende bilethoggarar. Då Sogn og Fjordane Kunstmuseum overtok drifta av museet i 2004, var målet ei større og meir slagkraftig museumsdrift.

Svor meiner museet har svikta, og stiller spørsmålsteikn ved kompetansen til museumsdrivaren.

– Min konklusjon er at eg ikkje tykkjer Sogn og Fjordane Kunstmuseum har ivareteke Svoren-museet i høve til intensjonen. Personleg stiller eg spørsmål ved om Sogn og Fjordane Kunstmuseum har den rette kompetansen til å ta ivareta å den oppgåva dei har teke på seg, seier han.

– Fekk utfordringar

Morten Johan Svendsen

ER PRIORITERT: Avdelingsdirektør Morten Johan Svendsen. (Arkivfoto)

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

– Det kan godt vere at det er rett kritikk som vi må lytte til, seier avdelingsdirektør Morten Johan Svendsen og fortel at overtakinga gav store utfordringar.

– I første omgang blir det ikkje tilført fleire ressursar. I tillegg har det vore fleire manglar og svakheiter som vi måtte forbetre. Då har vi gjort prioriteringar, legg han til.

Kunne vore betre

Svendsen meiner Svor-museet er blitt prioritert, men vedgår samstundes at marknadsføringa kunne vore betre.

– Der er det nok ein del ting som vi heilt klart kunne gjort betre, men det er også endringar som museet ikkje er herre over. Som til dømes reiselivsmønster og så vidare, seier han.