Hopp til innhold

Kritiserer Helse Førde

– Nedlegging av Nordfjord sjukehus kan blir dyrt for Volda sjukehus.

Sjukehuset i Volda

SPRENGT KAPASITET: Her vil mange pasientar havne dersom Nordfjord sjukehus vert lagt ned.

Foto: NRK

– Dette blir for lettvint. Ein kan ikkje samarbeide utan å inngå skikkelege avtalar, seier nestleiar i styret i Helse Sunnmøre, Tom Christiansen.

Han er lite imponert over strategiplanen til Helse Førde.

LES: Vil legge ned lokalsjukehusa

– Dyrt for Volda

Astrid Eidsvik

OPPGITT: Administrerande direktør i Helse Sunnmøre, Astrid Eidsvik.

Foto: Espen Gjelsten / NRK

Helse Sunnmøre meiner at kollegaene i nabofylket ikkje har teke høgde for at mange medisinske pasientar frå Nordfjord vil søke seg til Volda.

– Det kan tvinge fram ei dyr utbygging. Kapasiteten ved medisinsk avdeling er allereie sprengt i Volda, seier administrerande direktør i Helse Sunnmøre, Astrid Eidsvik.

Vil samarbeide

Eidsvik meiner strategiplanen er upresis og vanskeleg å forhalde seg til.

– Følgjene av å sende pasientar til Volda er for dårleg utgreidde, seier den administrerande direktøren.

Helse Sunnmøre er likevel innstilt på å samarbeide. I følgje Sunnmørsposten bestemte styret seg for å gå vidare med samarbeidet då dei handsama strategiplanen til Helse Førde i går.